All verdas språk Morsmål er tema både for Dei nynorske festspela i år, og for skrivekonkurransen for ungdom i regi av festspela. Kommunikasjonsrådgjevar Laila Walseth Lid (t.v.) og programansvarleg Åshild Widerøe, begge i Ivar Aasen-tunet, håper på mange reflekterte tekstar om temaet.

All verdas språk Morsmål er tema både for Dei nynorske festspela i år, og for skrivekonkurransen for ungdom i regi av festspela. Kommunikasjonsrådgjevar Laila Walseth Lid (t.v.) og programansvarleg Åshild Widerøe, begge i Ivar Aasen-tunet, håper på mange reflekterte tekstar om temaet.

Vann i fjor Andrea Melheim Mork frå Ørsta skreiv ei novelle om den mørke skogen, og vann skrivekonkurransen til Dei nynorske festspela i fjor. (Foto: Synnøve Nyheim)

Vann i fjor Andrea Melheim Mork frå Ørsta skreiv ei novelle om den mørke skogen, og vann skrivekonkurransen til Dei nynorske festspela i fjor.Foto: Synnøve Nyheim

1 / 2

Inviterer unge skribentar

Har du ein skribent i deg og noko på hjartet?

Dei nynorske festspela arrangerer skrivekonkurranse for ungdom i alderen 16–20 år. Juryen ønskjer seg kronikkar med utgangspunkt i temaet morsmål – som også er tema for årets utgåve av festspela.

Ein kronikk er ein større artikkel i ei avis eller eit tidsskrift, som omhandlar eit aktuelt tema i tida. Bidrag til konkurransen må ikkje vere lenger enn 5.600 teikn inkludert mellomrom, og teksten må sjølvsagt vere på nynorsk.

Pengepremie

– Juryen vil nominere tre bidrag som alle kjem på trykk i Sunnmørsposten. Vinnaren vert kåra på eit arrangement under festspela på Samfunnshuset i Volda 24. juni. Førstepremien er ein sjekk på 5.000 kroner, fortel programansvarleg i Ivar Aasen-tunet, Åshild Widerøe.

Det blir også premie til dei som får andre- og tredjeplass i konkurransen, og alle tre nominerte vil få billett til konsert med Ingebjørg Bratland i Aasen-tunet om kvelden 24. juni.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Erfaring

I år er fjerde gongen Dei nynorske festspela arrangerer skrivekonkurranse for ungdom. Det har vore sendt inn mange gode tekstar tidlegare, og Widerøe håper på god oppslutning om konkurransen også i år.

– Ungdommar av i dag har ulike erfaringar med morsmål, både dei som er fødde i Norge og innvandrarar og flyktningar. Språk betyr mykje for alle, og eg trur vi kan få mange gode refleksjonar rundt temaet. Når det gjeld sjangeren kronikk, tenkjer vi dette som ei vidareføring av at ungdom diskuterer og meiner mykje i sosiale medium, seier ho.

Debatt

Kåringa av vinnarane av skrivekonkurransen vil skje i samband med ein debatt for ungdom med tittelen «Språk og integrering» i regi av Framtida.no. Debatten er resultat av eit debattkurs for ungdom tidlegare på dagen.

Frist for å sende inn bidrag til konkurransen er måndag 23. mai. Juryen som skal vurdere dei innsende bidraga vil vere sett saman av ein representant frå Ivar Aasen-tunet, ein frå Sunnmørsposten, og ein erfaren skribent/kronikkforfattar.

Les flere kulturnyheiter her

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Dei tre beste tekstane vil verte trykte i Sunnmørsposten

Åshild Widerøe
MORSMÅL
  • Morsmål er tema for Dei nynorske festspela 23.–26. juni. Temaet er særskilt aktuelt i ei tid der straumen av menneske over landegrensene er stor.
  • Morsmål er det første talemålet eit menneske lærer, og blir i dag gjerne kalla førstespråk.
  • I skuleåret 2014/15 var det i Norge registrert elevar med undervisning i 108 ulike morsmål i tillegg til den ordinære undervisninga.
Leses nå
 

Forsiden nå:

– Såpeglatt og livsfarlig:

– Glatte veger over alt

Flere biler har kjørt av vegen. På E39 ved Plantasjen har to biler kollidert, opplyser politiet.

Låveveggen tatt av stormen

– Det må ha danna seg ein ekstrem vind

– Det ser nesten ut som ein eksplosjon, seier Jan Arve Skåravik, som eig det tidlegare småbruket ved Vatnefjorden.

Fem går videre i Ungdommens musikkmesterskap

– Kjekt å se spillegleden

Fem unge klassiske musikere går direkte videre til det nasjonale mesterskapet i januar.