Hanne Kolstø er nominert til EDVARD-prisen 2016. Det melder TONO i ei pressemelding. Kolstø er nominert i kategorien Open Klasse og synast sjølv det er ei stor ære.

- Så utruleg kjekt å bli nominert til ein slik tung pris! Det er ei stor ære. No går nok resten av dagen i studio som ein leik, seier ho til TONO i pressemeldinga.

EDVARD-prisen er kalla opp etter Edvard Grieg og TONO har delt ut prisen sidan 1998. Han delast ut til musikarar som har skapt musikkverk og tekstar til musikk av høg kunstnerisk kvalitet, heiter det i meldinga. Prisvinnarane sin musikk eller tekst må anten vere urframført eller gjeve ut det føregåande året. Tre musikarar er nominert i kvar av dei til saman fem kategoriane. I tillegg til Open Klasse er det Samtid, Tekst, Populær og Utfordrar.