– Den nynorske litteraturen lever og har det bra, konkluderer Jan Inge Sørbø, frå kontoret sitt på Høgskulen i Volda.

I samband med Det Norske Samlaget sitt 150-årsjubileum i 2018, skal forlaget gi ut «Nynorsk litteraturhistorie». Professor, litteraturvitar og forfattar Sørbø er hyrt inn til å skrive boka.

– Eg sa ja til oppdraget med ein gong. Det var noko eg hadde svært lyst til å gjere, seier han.

Samanhengande

Prosjektet «Nynorsk litteraturhistorie» tek sikte på å framstille den nynorske litteraturen frå Ivar Aasen (1813–1896) og opp til samtida. Sørbø skriv litteraturhistoria som ei samanhengande forteljing.

– Den nynorske litteraturen er prega av stadige spenningar i samfunnet og har ein eigen dynamikk som ikkje finst i bokmålslitteraturen. Det språklege, og bygde- og landsdelsperspektivet, er viktig på ein annan måte i nynorsklitteraturen. Han har sitt eige blikk på verda, seier Sørbø.

Forfattaren peikar på at heilt frå Vinje og Garborg, via Vesaas og Fløgstad, og opp til Øyehaug og Fosse i dag, så leverer nynorskforfattarar litteratur på øvste hylle.

Sette standard

– Nynorsklitteraturen var heldig med gründerane sine, som sette ein standard. Mange av dei som har kome etter har kjent seg forplikta til å skrive på høgde med dei beste internasjonale forfattarane, fortel Sørbø.

Han har jobba fulltid med boka sidan januar i år, og har skumma seg gjennom stablar av bøker.

– Eg er litt redd for å gløyme å ta med nokre av dei viktige namna, smiler Sørbø.

I ei pressemelding seier direktør Edmund Austigard i Samlaget at den nynorske litteraturen har si heilt eiga historie som forlaget synest det er viktig å få dokumentert og analysert.

– Nynorsk har løfta fram erfaringar nedanfrå gjennom røynsler og røyster som har utfordra det kulturelle hegemoniet, og truleg gitt ei meir mangfaldig og demokratisk ålmente. Ei historie om den nynorske litteraturen vil gi nye inngangar til å forstå utviklinga av den rike nynorske litteraturen, men også norsk litteratur, meiner Austigard.

«Nynorsk litteraturhistorie» er venta å vere ferdig i mars 2018.