Kåre søkte over 30 jobbar utan å få napp – låten «Trygdeblues» er med på debutplata

«Se regnet som hølja ned på Oslo by. Se regnet som hølja ned på min paraply. For e har søkt på tretti jobba men høre no aldri en lyd..»

Slik startar «Trygdeblues», ein av ni låtar på debutalbumet til visesongar Kåre Indrehus frå Ålesund. Plata, som har fått tittelen «Fra et bilvrak på Klipra», utforskar den lange reisa frå bygd til by, frå Sunnmøre til Oslo.

Kåre Aam Indrehus budde i Ørsta dei første åra av sitt liv, men flytta til Ålesund då han var 6–7 år. På vidaregåande var han flink i matematikk og økonomi, og det vart til at han reiste til Austlandet og vart siviløkonom. Men han kjende seg ikkje på heilt rett hylle i livet.

Skrivetrong

– Musikk har alltid vore viktig for meg, og då eg studerte tok eg til å skrive tekstar og spele gitar. Det vaks fram ein trong til å skrive, og eg ville prøve å utvikle det til noko musikalsk, forklarer Indrehus.

For å kome inn i eit musikkmiljø og for å få papir på interessene sine, tok Indrehus ein bachelorgrad i musikk og kultur i Oslo. Men å få jobb innan kulturfeltet viste seg å vere svært vanskeleg.

– Som sagt så søkte eg 30 jobbar utan å få napp. Til slutt tok eg deltidsjobb i barnehage. Det var då teksten til «Trygdeblues» vart til, fortel visesongaren.

«Skyggen på perrongen», «Anger er mitt navn» og «Medaljens bakside» er andre låttitlar på debutalbumet. Plata tek eit djupdykk i tragikomiske inntrykk frå ville ungdomsår, håplaus kjærleik, bekymringar i vaksenlivet, skakkøyrt økonomi, arbeidsliv, musikkbransje, ekteskap og farskap.

Trilogi

No har Kåre Indrehus flytta frå Oslo til Nøtterøy i Vestfold saman med kona si og den vesle dottera deira.

– Eg er alt i gong med plate nummer to. Målet er å gi ut tre plater på tre år. Eg har funne min sjanger, min måte å fortelje historier på, og eg satsar på å verte flinkare og flinkare for kvar plate, seier Indrehus.

«Fra et bilvrak på Klipra» vert sleppt digitalt og på vinyl i dag. Kåre Indrehus og musikarar kjem til Søstrene Fryd i Ålesund for å halde konsert 7. april, og til Fru Svendsen i Ørsta 8. april. Visesongaren skal også halde konsertar i Oslo, Bergen, Haugesund og Stavanger.