Midsundhallen var hovudarena for seks konsertar på til saman ti timar, samt ei utstilling med 55 kunstobjekt.
Eit fagpanelet har no valt ut dei som får tilbod om å representere Møre og Romsdal på UKM-festivalen i Sandnes 21.- 25 juni, melder Møre og Romsdal fylkeskommune.
Frå Sunnmøre går desse vidare:
Sceneinnslag
Sande: Gruppa K.Ø. Productions, som består av Urte Karanauskaite (17) og Kristoffer Øigjord (19).
Kunst
Ålesund: Elliot Hodge (17) går vidare med ei blyantteikning: «Et land som flyter av jøder og genmodifisert frukt».
Giske: Lisa Jeanette Rekdal Dyb-Sandnes (14) går vidare med fotografiet «Ytring».
Konferansier
Frå Haram går Ole Bjørn Longva (17) vidare i klassen for konferansierar.