– Det heile begynte i Volda skulekorps. Der tok eg først tok til å spele klarinett, før eg gjekk over til trompet, som er blitt mitt instrument.

Det fortel Anders Farstad (37). Han er no frilansmusikar, med base i Aarhus i Danmark – men med heile verda som arbeidsplass.

Mentorar

Og det heile starta altså i Volda.

Anders fortel om tre mentorar som fekk mykje å seie for at han vart musikar: Faren Aksel som var dirigent for skulekorpset, Knut Ose i ungdomssymfoniorkesteret – og musikklærar Elisabeth Stave.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Men sjølv om det var mykje musikk i oppveksten, både trompet og piano, så var vegen fram til ei karriere som profesjonell musikar likevel lang.

– Eg gjekk først Tonheim folkehøgskule, deretter Musikkonservatoriet i Stavanger – før eg avslutta studia mine på konservatoriet i Aarhus, fortel Anders.

Deilig i Danmark

No har han budd 11 år i den danske byen på Jylland, og synest som mange andre at det er deilig å vere norsk i Danmark.

– Her er eg frilansmusikar, og gjer ganske mykje forskjellig. I to og ein halv månad i sommar skal eg spele i Disney-musikalen «Klokkeren fra Notre Dame» på Det Kongelige Teater i København. Det er ni førestillingar i veka. Seinare skal eg spele i musikalen «Les Misérables» i Herning, ikkje langt frå Aarhus.

DISNEY Anders Farstad spelar i sommar i «Klokkeren fra Notre Dame» på Det Kongelige Teater i København.

Sjangrane han arbeider med er mange. Mellom anna er han tilknytt det danske militærorkesteret Slesvigske Musikkorps, som har vore på USA-besøk.

I Moskva

Men den aller siste utanlandsturen var med bandet Jordans Drive. I førre veke spela dei i Moskva, neste stopp blir Sveits.

– Eg er også i Norge på jobb. Det brukar å bli eit par veker i året med skulekonsertar, legg 37-åringen til.

MILITÆRKORPS Slesvigske musikkorps var på USA-turné for ikkje lenge sidan. Anders Farstad var med som trompetist.

Her har han mellom anna spela saman med tubaisten Daniel Herskedal frå Molde, ein annan norsk musikar som har busett seg i Danmark.

Som lausarbeidar har Anders lært seg å ta ein dag om gangen. Men kvardagen kjem nok til å endre seg ein del i næraste framtid.

I august ventar nemleg sambuaren, tyske Astrid, barn.