Sykkylven får sju av ni poeng og er best på Nordvestlandet.

– Det er jo berre kjekt å kome godt ut på statistikkar. Men ein kan ikkje legge seg bakover av den grunn, det er berre halde fram på same måten, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug til Sunnmørsposten.

I fleire år har kommunen vore med på å gjenskape eit bronsealderhus på Auremarka. Kommunen har også vore medhjelpar under restaureringa av ungdomshuset Vårvon i Straumgjerde, seier ordføraren.

Seks poeng går til Vanylven, Sande, Ulstein og Midsund.

Ei rekke kommunar får null og eitt poeng. Riksantikvaren opplyser i ei pressemelding at undersøkinga bygger på kommunane sine eigne rapportar i Kostra (kommune-stat-rapportering hos Statistisk sentralbyrå) og dermed kanskje ikkje er fullstendig.

Dette er spørsmåla som Riksantikvaren har stilt:

  • a) Har kommunen løyvd pengar til kulturminne/kulturmiljø? (1 poeng)

  • b) Har kommunen knytt til seg eigen kulturminnefagleg kompetanse? (2 poeng)

  • c) Har kommunen utarbeidd oversikt over verneverdige kulturminne/kulturmiljø? (3 poeng)

  • d) Er kulturminne og kulturmiljø forankra i planar og fastsett i juridisk bindande kommune(del) plan? (2 poeng, i planar eldre enn 2005: 1 poeng)

  • e) Er det same, eller auke, i talet på dekar som er regulert til vern av kulturminne og kulturmiljø per 31.12? (1 poeng)

Mange med null og eitt poeng

På Nordvestlandet er dei fleste kommunane i nedste halvdel av skalaen. Fire kommunar får null poeng: Herøy, Stordal, Skodje og Sandøy.

Eitt poeng går til Vågsøy, Selje, Hareid, Volda, Ørsta og Giske. Ålesund får tre poeng.

Her kan du finne heile oversikten (ekstern side).

På landsbasis er det 18 kommunar som får full skår og ni poeng.