Jentene i Charis frå Stordal har sunge saman i 15 år

Tek farvel med juleplate

Idrett og song står sterkt i Stordal. No er det songen dei fem jentene i Charis fokuserer på, og kjem med eiga juleplate saman med Møremusikarane.

AVSKJEDSPLATE Gruppa Charis består av frå venstre: Julie Olsen Almås, Vilde Lorgen Øvrebust, Mathilde Vinje Øvrebust, Emilie Sylte Hove og Amalie Ekroll Hove. Foto: Marianne With Nor

Vi har sunge i Stordal barnekor frå vi var tre år gamle

Mathilde Vinje Øvrebust
Kultur

– Vi har sunge i Stordal barnekor frå vi var tre år gamle. Etter kvart syntest vi at vi vart litt for gamle for barnekor, og starta i 2011 jentegruppa Charis med Ragnhild Fauske som dirigent.

Det fortel Mathilde Vinje Øvrebust, ei av dei fem jentene i songgruppa frå Stordal.

Dei er no frå 17 til 19 år. Fire av jentene går siste året på idrettslinja på Stranda vidaregåande skule, den femte er allereie ferdig med vidaregåande skule.

Syng på siste verset

Difor føler dei bokstaveleg talt at gruppa syng på siste verset. Neste år står studiar for tur, og dei blir nok spreidde for alle vindar.

– Det blir trist. Men vi skal synge saman når vi kjem heim på juleferie, seier Mathilde.

Charis, som forresten kjem av det greske ordet for nåde, har brukt å ha ei øving i veka. Men framføre konsertar har det vore meir intenst.

Det ligg iallfall mykje arbeid bak avskjedsplata «Ein av oss», som er spela inn i Ørskog kyrkje på Sjøholt, saman med Møremusikarane Ingunn Linge Valdal, Knut Ivar Bøe, Audun Skorgen, Jo Inge Nes og Øystein Sandbukt.

Annleis juleplate

Odd Johan Overøye har tilrettelagt musikken, medan Ingrid Hanken frå Nordic Voices har vore produsent for plata.

– Dette er ei litt annleis juleplate, med fleire internasjonale folketonar. Og vi syng i hovudsak på originalspråket, så her får ein til dømes høyre både spansk, engelsk og tysk. Ja, vi syng til og med på latin, fortel Mathilde Vinje Øvrebust.

Og så syng jentene også på norsk. Kjende perler som «Det hev ei rose sprunge» og «Mitt hjerte alltid vanker» er mellom dei 13 utvalde songane på denne plata.

Søndag 26. november kan du få høyre Charis i levande live. Då held dei nemleg platesleppkonsert i Stordal kyrkje.

Musikarane Ingunn Linge Valdal på fele, Knut Ivar Bøe på trekkspel og Odd Johan Overøye på piano blir også med på kyrkjekonserten.