P3 om Jon Olavs «Hei Erna»

– Ei sjarmbombe av ein låt!

Jon Olav Sandal (22) frå Barstadvika er nominert til Urørt-finalen på NRK P3.

Vil påverke – Ein skal ikkje undervurdere påverknadskrafta musikk kan ha, seier Jon Olav Sandal frå Barstadvika i Ørsta.  Foto: Hild Nordal

Kultur

– Jon Olav leverer ei sjarmbombe av ein låt! skriv NRK P3.

Med låta «Hei Erna» er han no nominert til Urørt-finalen.

– Ei framføring det er lett å bli glad i, meiner radiokanalen.

Jon Olav Sandal (22) seier til NRK P3 at han er lei av kroppsfokuset i dagens populærmusikk. I «Hei Erna» oppmodar han politikarar og folk flest til å bry seg meir om miljøet.

Songar og låtskrivar Jon Olav (22) slepper singel med bodskap til statsministeren

Med meining i musikken

«Hei Erna» syng Jon Olav Sandal og oppmodar politikarar og folk flest til å bry seg meir om miljøet.


Åtte unge artistar er nominert. Dei fire som får flest stemmer på p3.no får delta i finalen 1. mars.