I botnen står eit botnsolid band. Dei er forsterka med ei blåserekkje på to svært viktige individ for lydbildet – og med tre like viktige songsolistar.

Samla sett vert denne gjengen på ni ultramusikalske og totalt samspelte studentar ei oppleving i seg sjølv.

Så er det steget vidare, samhandlinga med studentane som står på scenen. Desse åtte – fire av kvart kjønn og dei fleste tidlege i tjueåra og likt fordelt på kjønn – leverer.

Og det dei leverer: Snert, presisjon, songkvalitet og skodespelarprestasjonar er på gjennomgåande høgt nivå.

Her er studentar frå fleire studium, og ikkje nesten berre journalistspirer, som det ofte har vore før ...

Årets revy har tittelen «Voldas ærlegaste». Det kan godt vere, men det er ikkje det lokale eller lokal ærlegdom som dominerer temalista.

Derimot er revyen spekka med nasjonale poeng – frå MeToo-politikk til idrett og OL osv.

Tema som mobbing, legning, sjekking, fnising, drikking og knulling er meir internasjonalt generelle–men høyrer jo aldersgruppa og det heile til?

Frisk språkføring er med andre ord ikkje mangelvare i årets revy.

Men først og fremst: Det er heilskapen, den fengjande musikken frå bandet der bak i trappa på Rokken – og spelegleda på scenen – som gjer denne revyen absolutt sjå- og høyrbar.

Både Høgskulen og bygda kan vere kry av å trekkje til seg slike krefter – frå det vide kongeriket.

Vi har ein mistanke om at nokre av aktørane vil verte å sjå på fleire scener – i framtida.