Stella fekk ros for innsatsen i Norske Talenter

Stella Birthe Poland (16) frå Hornindal sjarmerte dommarane i fredagens semifinale i Norske Talenter på TV 2.

Stella under fredagens sending på TV 2. Skjermdump 

Kultur

I kveld kjempar Stella om finaleplass

Stella Birthe Poland frå Hornindal kjempar fredag kveld om finaleplass i Norske Talenter på TV2.

Men sjølv om dommarane var imponerte - fekk ho ikkje nok stemmer til å ta seg vidare til finalen i den TV 2-sendte konkurransen.

Det lokalet talentet hadde på seg blå kjole og englevingjar, og spelte på ei elektrisk harpe på scena. Dommarane trakk fram den gode utviklinga Stella har hatt frå audition til ho i dag stod sjølvsikker på scena.

– Tenk å ha ei så enorm utvikling! Dette var ei trolsk, magisk og vakker framføring. Det var nydeleg. Det var Stella i eventyrland, sa dommar Janne Formoe.

Medan Bjarne Brøndbo peika på at den unge artisten kanskje var litt uheldig her og der, meinte Mia Gundersen at den unge «honndølen» klarte seg svært bra.

– I dag viste du kva framtida di er. Dette gjorde du så bra, sa ho.