Han overlet butikken til Perdy Jøsok og Laila Urke Synnes.

– Eg har tru på desse to. Butikken treng yngre blod, sa Jarle og tok eit godt tak rundt jentene.

Laila hadde då vore tilsett i 11 år ved butikken, medan Perdy hadde 20 års røynsle frå tidlegare Rotset Matsenter.

I samband med overtakinga skifta verksemda selskapsform og vart AS. Jentene fekk selskap av Jarle på den nye eigarsida.

«Dei to kvinnene har stor tru på at nærbutikken skal overleve trass i hard konkurranse frå dei store matbutikkane i Volda:

– Vi har faktisk hatt ein salsauke på eit par millionar kroner dei siste åra», står det å lese i artikkelen.

Sist vi såg etter, låg den der framleis. Spådomen frå eit kvart århundre heldt visst vatn nokså greitt, kan vi lese oss til i Møre-Nytt frå eitt år tilbake.

«Mange kundar bruker butikken, og det har mykje å gjere med den positive og serviceinnstilte betjeninga. Dei yter det «lisje» ekstra», står det.

Skrivestykket held vidare fram slikt som ei triveleg og flott atmosfære.

«Her kan du framleis få ei viss «krambu-kjensle», skriv Møre-Nytt. Flott å høyre slikt i tider kor blårussen knip ned på alt.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.