«Medfull rett har Carl Joachim  Hambro fåttære og historisk godkjenning for tiltaket med å berge Kongehuset, Stortinget ogRiksstyringa ut or Oslo om morgonen 9. april 1940. At generalstabsjef, oberstRasmus Hatledal, på eige tiltak gjorde det same med Overkommandoen har vorelite påansa, men fekk likevel mykje å seie. Utan dette tiltaket ville det andrevore spilt umak.»

Detvar eidaren og offiserskameraten, oberstløytnant Edvard Os, som skreiv desseorda i  Årbok for Nordfjord 1967. Dei tomøttest på realskulen, reiste saman til Oslo og fylgde kvarandre både gjennomstudietida og seinare i det militære.

AtHatledal ikkje fylgde ordren til forsvarsminister Birger Ljungberg, og kallainn fleire avdelingar enn det statsråden hadde sagt, vart ei sak forUndersøkelsekommisjonen av 1945.

«-Da hverken utenriksminister Koht ellerLjungberg ville høre på advarsler utenfra eller de militære sjefers råd. Ogikke forsto noe av den internasjonale situasjon.» - skreiv Aftenposten isamband med rettsoppgjeret, der dei fortalde at Hatledal fekk kommisjonen sianerkjenning for å ha gjeve ordre om innkalling av fleire avdelingar enn detforsvarsministeren hadde gjeve ordre om.

Kamp mot politisk vankunne

Dramaet eller rettare sagt kampen mellomHatledal og regjeringa, starta fleire dagar før 9. april. Langt attende itrettiåra og heilt sidan han vart generalstabsjef hadde han utrykt otte for denpolitiske nedskjæringa av det militære. Og breva heim var og prega av dennepolitiske situasjonen som han opplevde som farefull for landet.

Så tidleg som 4. april byrja oberst Hatledalkampen for full mobilisering i Norge. Han såg faren for krig, menforsvarsministeren og resten av regjeringa ville ikkje høyre. Om morgonen 8.april bad han på nytt om mobilisering, men i staden for eit ja fekk han i oppdragå rekne ut kostnadane ved mobilisering i ulike alternativ. Om kvelden 9. april,vandra Hatledal kvilelaust rundt i korridorane medan regjeringa sat i middag ogikkje ville snakke med generalstabsjefen. Det lengstedei kunne strekkje seg var kontorvakt, men det skulle ikkje mobiliserast.

Detsom både kommisjonen og andre har omtala som ei politisk feilvurdering ertruleg årsaka til at både seinare under krigen, og i etterkrigsåra hadderegjeringa ei svært lunken haldning til Rasmus Hatledal.

Dåkampane i Oslofjorden var eit faktum gav forsvarsminister Ljungberg ordre omstille mobilisering. I fylgjekommisjonen ville det seie varsling pr. brev og frammøte 11. april.

«Situasjonen var broket»

Vi siterar frå kommisjonen; «Oberst RasmusHatledal ga natten til den 9. april  påeget ansvar ordre til å innkalle flere avdelinger enn bestemt i denmobiliseringsbeslutningen som ble meddelt ham av statsråd Ljungberg. I seg selver det naturligvis en betenkelig sak  åhandle i strid med direktivet fra overordnet myndighet. Kommisjonen finner tiltross herfor å måtte uttale sin anerkjennelse overfor Hatledal for hanstiltak.»

Det som skjedde i fylgje kommisjonen, var atHatledal fylgde ordren,   men utvida hanså mykje som mogeleg. Det vil seie 14.000 mann meir enn kva ministeren la opptil og også raskare frammøte. I ettertid hevda ministeren at han hadde gjeveein slik ordre, og Trygve Lie meinte å ha høyrt at ein slik ordre var gjeven,men for igjen å sitere kommisjonen: «Situasjonen var broket», og ein har aldrifunne kven som skulle ha fått ein slik ordre.

Forvirringavar fullkomen. Kommanderande general Laake var heime på garden sin og fannikkje att overkommandoen, han vart også utskifta ganske raskt med Otto Ruge,men Hatledal hadde styringa heilt til samanbrotet 17.april. Etter nærare treveker utan skikkeleg svevn og den lange kampen mot styresmaktene som ikkjeville høyre, måtte andre ta over. Ikkje uventa vart det Otto Ruge. Han harsjølv sagt at det var ei tung oppgåve å be Hatledal ta sjukepermisjon. Ruge harfått sitt minnesmerke på Midtskogen for den vidgjetne sperringa som stoppatyskarane og gav Konge og regjering turvande pusterom i flukta frå fienden. Densperringa fekk han i stand etter ordre frå Hatledal.

Ietterkrigsåra gav Hatledal aldri utrykk for at han var bitter, men han varsvært glad for dei konklusjonane granskingskommisjonen trekte. Sommaren 1940hadde han fluktplanane klare og ville melde seg til teneste for regjeringa iEngland, men svaret tilbake var at dei hadde ikkje bruk for han.

Hatledalville ikkje til England etter det signalet. I staden vart det tyskkrigsfangenskap.  I 1994 stod vi vedleiren der dei norske offiserane var samla siste krigsdagane  - nokre mil sør for Berlin. Dei hadde komedit til fots frå Polen. Det var ei spennande oppleving. På nytt var Hatledalden naturlege leiaren og samlingspunktet. 60 -åringen gjekk føre på søletevegar mot dei kvite bussane, og etter eit herremåltid - det første på mange år- var det han som stod på rådhustrappa i Århus og takka både Røde Kors og danskane for mottakinga.

I1945 sette regjeringa ei grense for vidare opprykk på 60 år. Hatledal var femmånader for gammal til å bli general, og gjekk attende til arbeidet i den geografiske oppmålinga. Ei lang ogspennande militær karriere og eit kapital i norsk soge var over.

Kven var han?

RasmusHatledal var fødd i Markane i 1885. I fylgje folkeminnet var han den siste sommøtte bjørn i bygda. 9 - åringen stod å fiska då bjørnen kom ruslande på andresida av tjernet.

Etterseks år i folkeskulen kunne ikkje læraren hjelpe han meir. Presten var litehuga på tidleg konfirmasjon, men etter ei overhøyring skjøna han at han haddeei uvanleg evnerik ungdom føre seg. Etter realskulen vart det Oslo, gymnas ogei utdanning i retning av generalstaben. Det var 10 år spesialteneste etterkrigsskulen, mellom anna to års teneste som meining for å innblikk i alle siderav militærlivet.

Detvar ikkje vanleg for bondesøner å gå skulevegen den tid. Han hadde også hug tiljorda. Han og eldstebroren Knut som var komen inn ved landbrukshøgskulen på Ås,måtte føreta eit val. Ein fekk utdanning og ein måtte ta garden. Det vart Knutsom vart på garden.

Derfinst enno ein utstrakt brevkorrespondanse mellom dei to, men breva frå 1940 ogkampen mot regjeringa er borte. Dei fann det truleg for farleg å la dei bliliggande. Korrespondansen fortel om ein velutdanna mann med sterke band tilheimbygda. Han engasjerte seg i lokal målstrid og om sommaren kom han heim forå snakke med bygdefolket og for å svinge ljåen slik han hadde lært i ungdomen.Studia vart finansierte gjennom sommarjobb som hotellportier. Han var ogsåinnom gruvene i Meråker, men planen om bergmannsstudie vart skrinlagd.

Målmann

Hatledalvar spesielt innteressert i målsaka. Han kalla seg amatørfilolog. Han deltok aktivi namn- og måldiskusjonar i lokalavisene, og han arbeidde for betre brukt avnynorsk i det militære. Det fanst ikkje lærebok i stridskunst på nynorsk, førhan tok initiativet.

«Obersten»som bygdefolk kalla han,  søkte ofteheim, og på ein av turane heldt det på å gå ille. Dei var fleire som skulleheim til jul, og valde ski over Strynefjellet. Uveret kom, men hardhausen stodimot også den gongen. I julebrevet til broren i 1938, fortel han at han harblitt generalstabsjef og at det har vore ein politisk drakamp. Han fortelogså  at han har vore i audiens hoskongen, og at kongen fortalde at han hadde visst om utnemninga ei tid.Og brevethar eit lite PS som viser at den barske krigaren i røynda var ein smålåten kar.Noko som også prega han når avisene ville setje historia hans på trykk etterkrigen.

Brorenhar tydelegvis i eit tidlegare brev, spurt om han no skal skrivegeneralstabsjef, hr. oberst Hatledal på breva.  Hatledalseier at det er ikkje feil, men det kan virke litt affektert. Det blir helst brukti militære skriv, og han ser gjerne at han skriv berre oberst Hatledal.

Minnesmerke i heimbygda

Hatledaldøydde i 1963, og med den merksemd han fekk i etterkrigsåra og ihistoriebøkene, var han i ferd med å gå i gløymeboka. Offisersvenen Edvard Osskreiv rett nok at det burde bli reist eit minnesmerke. Etter det var detstille lenge, men i samband med hundreårsjubileet for fødselen hans i 1985skreiv Sunnmørsposten om han, og soga vart delt ut som plakat til skulane iheimbygda. Samstundes tok oberstløytnant Ola Litleskare ved IR 10 opp tanken omeit minnesmerke på nytt. Han utfordra Stryn kommune, Nordfjord Forsvarsforeningog avdelinga for Reserveoffiserar. Offiseren, teiknaren og krigshistorikarenAndreas Hauge som har skildra kampane i Valdres som teiknar, baud seg til åutforme eit relieff vederlagsfritt. Han visste kva Hatledal stod for i norsksoge. I 1991 vart minnesmerket avduka ved ungdomshuset «Skogstjerna» - ikkjelangt frå heimegarden i Markane. Sjølve steinen vart henta frå skogen der han gjekksom gjetargut i barneåra. Ringen var slutta. Området har fått namnet«Hatledalsparken», og ved foten ei bronseplate med namn på dei fr bygda som letlivet i kampane i 1940 og i krigen 1807 - 1814.

Krigshistorikaranehar ikkje brukt så mykje plass på Hatledal, men ingen har våga å dra innsatsenhans i tvil. På slektsgarden i Hatledal finst enno sløyfa frå ein av kransanesom låg på båra til obersten, ein julidag i 1963. «Takk for alt, Kongen». KongOlav opplevde 9.april på nært hald. Han visste kva som skjedde, og han visste åverdsetje den innsatsen Hatledal gjorde i aprildagane1940.