Tema for kulturminnedagane 2014 er «Den store reisen: 200 års samfunnsutvikling».

Med temaet ønskjer Kulturvernforbundet å vise kva som har skjedd av utvikling og endring i samfunnet vårt sidan grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

På Nordvestlandet skal utviklinga visast både med prat og gjeremål, og i  løpet av helga og dagane framover vert den 200 år lange reisa illustrert med alt frå potetopptak og politikk, til fyrfamiliar sin kvardag og raudlista handverksteknikkar.

Unike i landssamanheng

Møre og Romsdal er unike i landssamanheng med eit stort tal arrangement under kulturminnedagane.

Tre generasjonar

Tre generasjonar i ein robåt viser noko av den siste utviklinga til sjøs. Bestefar Mandor Teige har retteleg så taket på det.

Neste generasjon med Olin Tarberg og Ida Beate Teige fortel at dei har rodd. Medan dei yngste, Markus Moltubakk og Elina Tarberg seier dei aldri har rodd.

– Men vi skal prøve i dag!

Debuterte som seglmakar

Erling Flø fekk også prøve seg på noko han aldri hadde gjort før. Seglmaking var noko av det som sto på programmet på Herøy kystmuseum, og Erling Flø lot seg sette i arbeid.

Men nål og spesialhanske festa han tau til seglet. Barking av segl var noko anna som vart demonstrert. Det same demonstrasjon i bruk, mål og vinding av tønner.