– Imponerande at dei har fått til ein slik festival her. Alt er veldig profesjonelt og bra. Eg har aldri vore på Eid før, så dette var ei godt første møte med staden, seier Ålesunds eiga stjerne på den internasjonale DJ-himmelen.

Nils Noa (34) skapte god loungestemning på musikkscena Gymmen der festivalen vart arrangert. På plakaten stod i tillegg Coucheron, ein artist som har markert seg internasjonalt etter at han gjesta STRAUM også då festivalen starta i 2012.

Det lokale bandet b0ka drog i gong festivalen, det er blitt ein vane. b0ka er eit lokal band som satsar med base i Oslo og som byrjar få eit namn i det norske elektronikamiljøet.

Hit-makarar

Både Nils Noa og Coucheron leverte musikk som ein lett kunne kjenne att frå det offentlege rom. Nils Noa, alias Nils Olav Lausund, spelte mellom anna «Fade Away». Låten der han får hjelp av Vinni på vokal har vore hyppig spelt på radio siste året.

Spørsmålet er korleis ein liten elektronikafestival i bygde-Noreg kan få tak i namn som Nils Noa og Coucheron? Det handlar sjølvsagt om nettverk. Nils seier til smp.no at han og Coucheron tilhøyrer same management som Alexander Pavelich, musikar frå Eid, og at dei er gode kompisar.

Arbeider med album

Nils reiser no rett på juleferie til Ålesund.

– Det har vore eit langt år. Eg kan ikkje hugse det har vore betre å ta juleferie nokon gong tidlegare, seier han.

I tillegg til mange spelejobbar som DJ verda rundt er han også bookingansvarleg på The Villa i Oslo, saman med Charlotte Thorstvedt.

Om det komande året fortel Nils Noa at det kjem ein ny singel på Universal til våren, og at han også jobbar med album.

Rein dugnad

Både STRAUM og musikkscena Gymmen er knoppskyting frå Malakoff Rockfestival. Det er dei driftige karane bak reklamebyrået Veir Media, Vegar Heimsæter og Geir Bjørkedal Skårhaug, som arrangerer STRAUM, i samarbeid med Malakoff.

– STRAUM er kome for å bli. Vi arbeider med ulike konsept for å utvikle festivalen. Dette er rein dugnad. For oss handlar det om å gjere elektronika som musikkform kjent, seier Heimsæter.

Han er godt nøgd med årets festival, men han hadde håpa på fullt hus som i fjor. Vel 100 billettar vart selt til årets festival.