Laurdag var det premiere på Volda Vidaregåande skule sin årlege musikal.

Eit fullsett Ørsta kulturhus fekk sjå innspel frå dei ulike musikalane linja for musikk, dans og drama har sett opp tidlegare. Elevar og lærarar frå studieretninga feirar tjue år, og musikalen «Be Our Guest» er ein hyllast til det linja har fått til dei siste tjue åra.

Innspel frå musikalar som Chess, Fame, Phantom of the Opera, Which Witch og Les Misérables var blant anna det publikum fekk sjå.

Tysdag 10. februar vitjar musikalen Sjøborg kulturhus, før dei tek turen vidare til Forsnavåg kulturhus torsdag 12. februar.

Les meir i papiravisa måndag.