Ungdom i alder 10 til 20 år stod laurdag på scena og viste fram sine kunstnar i Sjøborg kulturhus. I årets UKM var det flest som valde å synge eller spele musikk. Åtte av femten innslag inkluderte song. Men publikum fekk også gleda av å høyre fløytespel, el-gitar og saksofon.

Skodespel

Ei skodespelargruppe frå Hareid hadde laga skodespel med eit veldig aktuelt tema, nemleg mobbing. Dei fem skodespelarane gjorde ei overbevisande framsyning, med eit klart bodskap: Bry deg og sei i frå!Elleveåringen Edvard Roppen frå Ulsteinvik imponerte også i det første nummeret med turning, der både framlengs og baklengs salto var ein del av nummeret.  Sophie Brevik Nesse viste også kva ho er god for innan rytmisk gymnastikk.

Kulturpris

Hareid kommune nytta anledninga til å dele ut Ungdommens kulturpris for 2014 under kveldens UKM. Det var Bigset Ungdomsklubb, med dugnadsgruppa i spissen, som gjekk av med prisen. Deira innsats har vore godt synleg dei siste to åra, og fekk prisen som ei oppmuntring for arbeidet.

MOT-ambassadør

Marie Flatin, ungdomsarbeidar og MOT-koordinator i Ulstein kommune, hadde også gleda av å presentere Ulstein sin første MOT-ambassadør denne kvelden. Flatin var svært fornøgd med å få Ulstein si eiga hiphop-stjerne, Chris Masters, med på laget. Masters er kanskje best kjent frå NRK-programmet «Da KORK kom til bygda», då han framførte si eigenkomponerte låt saman med KORK i beste sendetid.