Lystad Johansen skildrar musikken sin som moderne country, og gir mykje av æra for at plata har vorte realitet, til ektemannen Hans-Christian Humberset.

  • Høyr smakebitar frå plata i Youtube-vindauget over artikkelen

Han er erfaren gitarist frå m.a. Steinar Engelbrektson band og Crashville, og har stått for all innspeiling knytt plata i sitt eige studio heime i Ørsta.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

– Eg har sunge sidan eg var lita, og skrive songar lenge. Men modningstida var viktig for meg. Først no er eg klar for å dele min eigen musikk med andre, seier 33-åringen, som til dagleg jobbar som fotograf i Ørsta.

Konsert

Plata er trykt opp i 200 eksemplar som vert lagt ut for sal lokalt, i tillegg til global, digital utgjeving på musikkstreamingprogram som Spotify, Itunes og Vimp.

I samband med platesleppet held Marit Lystad Johansen konsert på Høgskulen i Volda førstkomande søndag. Med seg har ho ektemannen Hans-Christian, andre lokale musikarar: Levi Andre Leite, Hans Robert Bondhus, Kristiane Runde og Tor Ove Sjåstad.

Les meir om den syngande fotografen i papiravisa tysdag, og høyr fleire smakebitar frå plata her.