Hægstad Gård, Peer Gynt Galleriet AS sitt bygg på Hellesylt, skal seljast. Det har ei samrøystes generalforsamling i galleriet vedteke.

Årsaka er den vanskelege økonomiske situasjonen til selskapet, melder hellesylt.info.

Flo Eigedom har lagt inn eit bod på tre millionar kroner for eigedomen.

Vidar Flo seier til nettstaden at han no ønskjer å drøfte detaljar kring eit kjøp med det nye styret i selskapet.

På generalforsamlinga vart det også opplyst at styret har seld fire treskurdbilete for å betre på økonomien.

Desse har dei fått to millionar kroner for.

Det er Sparebanken Møre som har kjøpt bileta. Avtalen er at bileta framleis skal henge i galleriet på Hellesylt.Generalforsamlinga vedtok å selje seks bilete til, om det blir nødvending.