Det er den anerkjende britiske gatekunstnaren Jamie Paul Scanlon (JPS) som har laga kunsten som no pryder huset som eigentleg går under namnet Trudvang.

Det største motivet på vestveggen viser romvesenet frå science fiction-skrekkfilmen «Alien», medan Freddy-karakteren frå «A nightmare on Elm Street»-filmane, har fått plass på framsida.

Kva meiner du om kunstverka? Bruk kommentarfeltet under

Rap-konsert

Graffitikunstnaren Scanlon vert omtala som ein av dei fremste eksponentane for gatekunst i Storbritannia, og har lage målerier fleire stader på Hareid, mellom anna ved Grim & Gryt Økobryggeri.

Her vert det konsert førstkomande laurdag med hiphop-kollektivet Side Brok frå Hovdebygda, eMCee Killa - Harvey Fielding -  ein britisk rappar frå London og fleire lokale artistar.

Mykje aktivitet

Men det skjer fleire ting på Hareid dei komande dagane i samband med Opplev Hareid. Allereie onsdag er det syftesok på Bigset bedehus og torsdag opnar mellom anna kunstlaget si sommarutstilling i Kjøpmannsgata.

I helga er det ei rekke aktivitetar for barn og bilutstilling i sentrum. Det vert også tivoli, politiske stand og «villmarkskamp» i parken, ifølge programmet.

Sjå heile programmet på Facebook-sidene til Opplev Hareid her