– Festivalen har gått svært bra. Vi var uheldig med vérforholda fredag, men laurdagen har vore spesielt fin. Vi har ikkje fullstendig oversikt over besøkstalet endå, men eg kan med sikkerheit seie her har vore ein stad mellom 1500-2000 besøkande på festivalen, fortel Trygve Sundsbakk.

Uviss er fortsatt festivalsjefen om økonomien, men stiller seg inntil vidare positiv.

150 Frivillige

– Dette er eit felles løft. Det gjer ikkje seg sjølv å lage ein slik festival som dette, og for at ei lita kommune skal klare noko slikt må folk ta tak, fortel ein av arrangørane, Per Sundnes.

Under helgas festival har der vore 150 frivillige i sving. Dei har jobba med mat, logistikk, bar, vakthold transport, rigging og mykje meir. Dei stiller ei veke før og ei i etterkant for å gjere festivalen klart fortel han.

Fikk ikkje lande

Det var tåke då Sweet skulle lande, både i Hovdebygda og på Vigra. Dette gjorde at flyet ikkje kunne lande som planlagt, og dei måtte ta flyet til Sandane. Dette gjorde turen litt slitsam for gjengen i Sweet, men då det kjende bandet kom til Vanylven såg ikkje dette ut til å prege deira opptreden.

– It's such a beautiful place here, we've just had some unfortinate traveling today. But playing in Norway is always great for us, sa vokalist, Pete Lincoln, til Sunnmørsposten like før han gjekk på scena.

CC Cowboys hadde ein fin kveld

– Vi spiller for folk. Nord, sør aust og vest, og Vanylven skuffar ikkje for å seie det sånn. Det er vakker natur, det er fjord, flotte mennesker, god lyd så dette var verkeleg ein fin kveld sa CC Cowboys vokalist, Magnus Grønneberg, like etter å ha stått på scena å sett sola gå ned.

Nye låtar

Under konserten til CC Cowboys kunne publikum i Vanylven få høyre fleire klassikarar, men også 3 av dei nyaste låtane til bandet. Dette er låtar som, ifølge Grønneberg, har blitt godt tatt i mot av publikum så langt.

– Vi spilte i dag tre nye låter. «Magisk», «Livet ut» og «Du som klemmer på mit hjerte».

Tematikken går igjen. Til slutt koker alt ned til å omfamne seg sjølv og sine nærmmaste, mennesker og kjærleik, avsluttar vokalisten.

Vidare i sommar ventar omlag 20 konsertar for det norske bandet før dei tek ferie. Så blir det nok ein turne frå publikumsfavorittane i oktober igjen.