Ho lagar det meste av særeigne gjenstandar av rekved, ull og gamle material og ting som er brukt til anna formål tidlegare. Rita satsar på gjenbruksproduksjon basert på naturressursane i nærområdet. Ho har Stadhavet som næraste nabo og inspirasjonskjelde.

– Eg er glad i naturen og ser så mykje som er brukande. Det er som å gå på skattejakt, og eg ser nytte i det meste. Stadig oppdagar eg ting som kan brukast til eit anna formål, fortel Rita, som nok kan karakteriserast som Espen Askeladden frå eventyra.

Ho har budd i Canada i elleve år, der ho også såg seg nytte av gamle ting. – Men med mangel på fjære og rekved, brukte eg der material frå gamle fjøsbygningar, fortel ho.

Heim igjen

For to år sidan kom Rita heim og overtok familiegarden i Borgundvågen. Målet var å starta opp noko for seg sjølv. No har ho sju kystgeiter, og er heilt i oppstarten på å vere geitebonde.

Kystgeitene beiter på stupbratte fjellsider eller mellom tang og tare i fjæra. I Selje har den utryddingstrua rasen overlevd, eit geitehald som har vore i generasjonar.

Rita starta også opp selskapet Natur – til inspirasjon. Dette er ei verksemd som driv kulturbasert næring nettopp gjennom å skape aktivitet, tenester og produkt med utgangspunkt i garden, den særeigen naturen og naturressursane som er i nærområdet.

Galleri

Og i mai i fjor opna ho dørene til eit galleri i Stortorget på Stadlandet. I verkstaden heime på garden lagar ho mellom anna bilete av hundre år gammalt fjøsmaterial og sandblåste skiferheller. Bilder på lerret er gjerne oppbygde av bygningssparkel i kombinasjon med mange ulike teknikkar. Lekre skap og lyslykter blir laga av rekved.

– Dette er særeigne ting som tar tid å lage. Du får eit unikt produkt som ingen andre har maken til. Eg garanterer at naboen ikkje har same skap eller lykt. Ingenting er heilt likt. Mykje tid ligg bak kvar ting eg lagar. Det går bra, og eg har fullt opp å gjere. Dagane er ikkje lange nok, konstaterer ho, som lagar det meste på bestilling. Ho satsar på selskapet sitt, og har tru på at det skal gå økonomisk.

Tar naturen inn

Rita har mange turar i fjæra, og har tru på å ta naturen inn. – Det er nok også ein trend i tida, fastslår ho. I verkstaden sin lagar ho til dømes fletta hagemøblar, der ho også brukar botnen på ein gamal båt og ein gamal sengegavl, og der grinda er oppbygd av eine, resten av selje og rogn. Ei julekrybbe er laga av rekved, der bakveggen er dekorert med juleevangeliet av serviettdecoupage.

– Denne runde kransen er samansett av små pinnar som er funne i fjæra. Ikkje ein einaste pinne er saga – alle har naturleg storleik. Men så tok det meg også 1 1/2 år med mange turar i fjæra for å finne nok pinnar, smiler ho.

Rita støyper også fuglebad og urtekrukker i betong, der mønsteret gjerne er laga av rabarbrablad. – Eller eg lagar flate heller som ein kan gå på i hagen, fortel ho.