– Jau, det går framover, men seint, seier Marie Lovise Widnes. Den politiske veteranen og føregangskvinna kan mimre om stolte karar som viste henne nominasjonslista på 50-talet, ei liste totalt utan kvinner.

– Kvar er kvinnene? spurde eg. Er ikkje kona hans minst like klok som han? Nei, det hadde dei ikkje tenkt på det i det heile.

Widnes fortel at mennene hadde partilag og liksom dreiv med ekte politikk medan kvinnene hadde kvinnegrupper. Det var der dei hekla gryteklutar, rulla lodd og kokte kaffi. Den nærare 60 år yngre Monica Molvær kan til motsetning fortelje om eit parti som har kutta ut kvinnelaget i Ålesund.

– Vi ønskjer at alle skal delta på alle politiske arenaer. Alle si meining er like viktig.

Eldre herrar

Medan Marie Lovise Widnes har vorte møtt av det som finst av mannlege hersketeknikkar og fått postboksa full av anonyme hatbrev, er kvardagen som kvinne og politikar ein annan for Monica Molvær. Ho fortel at når ho i haust stilte i nominasjons-kamp for stortingsplass, så var det hovudsakleg unge menn som pusha på og backa opp.

– Eg har vel fått høyrt litt sånn «lille venn» eg også, men det har vore frå eldre herrar og eg trur det har handla meir om at eg er ung enn at eg er kvinne.

Trass i mengder av politisk erfaring, vil ikkje Marie Lovise Widnes tvinga seg på med noko gode råd til Monica Molvær som har ei politisk framtid føre seg.

– Eg tenkjer ho greier seg godt, godblunkar Marie Lovise.

Monica på si side er likevel klar på at ho har fått hjelp frå slike som Marie Lovise.

– Det er tøft at du har stått på ditt heile tida og bana veg for kvinnene.

Flest menn

Men om nokon har vore plogspiss, så er det eit stykke igjen til heile åkeren er ferdig pløgd i spørsmålet om kvinner i politikken. Nordvestlandet har ein kvinneleg ordførar og 24 menn med ordførarkjede. Ingen kommunestyre har flest kvinner. Og berre to av tjuefem formannskap har fleirtal av kvinner. Elles er det i snitt om lag ein tredel kvinner både i kommunestyre og formannskap. Og det til trass for at kvinnene no er flinkare til å bruke stemmeretten sin enn menn.

– Det er lett å stemme. Det kostar deg lite, men den dagen kvinner blir spurt om dei vil stå på liste, så vil dei ikkje, meiner Marie Lovise.

– Det er ei generell utfordring å rekruttere nye politikarar, ikkje berre å få kvinner på listene, svarer Monica.

– Kvifor er det viktig å få kvinner med i styre og stell?

– Det er rettferdig. Vi er menneske med same verdi, svarer Marie Lovise.Monica legg til at kvinner og menn er forskjellige.

–Og når ein set dei saman, så utfyller ein kvarandre.

–Ja, kvinner og menn er forskjellige, men det er menneske alt i hop og vi treng alt i hop, om ikkje det skal vere på desimalbrøken likt, seier Marie Lovise.

Må vere kvalifiserte

Men kvotering er ikkje verken ho eller Monica nødvendigvis for.

– Hvis eg får eit verv eller ein posisjon, så skal det vere fordi nokon synst eg er kvalifisert og ikkje fordi eg er kvinne. Vi er komne lenger i dag, men det kan hende kvotering var eit viktig steg for å kome i gang, seier Monica.

Og den garva kvinnesakskvinna Marie Lovise er heller slett ikkje overbevist om at kvotering er einaste rette vegen. Ho er oppteken av at kvinnene må skulere seg og ta del i samfunnsdebatten i alle samanhengar og slik gjere seg sjølve kvalifiserte.

Rett og plikt

Begge har også håp om at stemmerettsjubileet kan setje fart i lokaldemokratiet.

– Eg håper det kan få ringverknader slik at fleire, spesielt unge, bruker stemmeretten sin, seier Monica.

Ho gjer det iallfall. Og med stil. På valdagen tek ho på seg bunaden før ho besøker val-lokalet.

– Vi tek ting litt for gitt innimellom. Difor tek eg på bunaden. Det er så stort å få bu i eit fritt land. Tenk at folk sit heime og ikkje orkar å stemme, at dei seier at mi stemme ikkje spelar noko rolle. Om alle desse hadde stemt, hadde det iallfall spelt ei stor rolle. Og det er folk som bur i land der dei risikerer livet ved å gå til stemmelokala, og så skal ikkje vi orke. Å stemme er ikkje berre ei rettigheit, men ei plikt.

Avtrikkelen var først publisert i Sunnmørsposten 26. januar 2013