Britt Pernille Frøholm frå Hornindal kjempar om norgesmeistertittelen i solo gamaldansspel på fele/hardingfele under Landsfestivalen i gammaldansmusikk, melder fjordingen.no, fredag.

Frøholm var ein av fire som vart plukka ut til finalen, som gjekk torsdag kveld.

Vinnaren blir først kåra under meisterkonserten og premieutdelinga søndag.

Festivalen blir i år arrangert på Løten.

Følg smp.no på Facebook