Folk sto framleis i kø for å kome inn på campen på Malakoff Rockfestival i Nordfjordeid ved 16-tida fredag.

– Det har vore heilt texas i dag, seier ein av dei frivillige som står ved inngongen.

Følg smp.no på Facebook

Sommarlutt

NRK Sommarlutt åpnet klokka 13 med P3 sin Ronny Brede Aase som programleiar. Her spelte lokale talent som idoldeltakar Georg Lipai frå Loen og det unge talentet frå Nordfjordeid Aleksander Raftevold.

På scena blei det også eit innslag frå bandet Special Kids Unit, der vokalisten spelte i pelslue og gitaristen i underbukse, helsetrøye og sløyfe. Det relativt ferske bandet har fleire medlemmar frå Nordfjord.

Sjå stor bildeserie frå Malakoff-starten

På scena

Fredag ver det ei mjuk opning på festivalscena med Morten Abel før rockestemninga tek til med Gravyard, Kaizers Orchestra og Bad Religion.

På amfiscena spelar lokale Eva & the Heartmaker, The Tallest Man of Earth og Blood Command før bergensrapparen Lars Vaular avsluttar kvelden her.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Opningskonsert

Torsdag var det opningskonsert med indie-elektronika bandet Lemâitre i Gymmen i Nordfjordeid. Salen var full, og tilskodarar meldte om god stemning.

Les meir på heimesida til festivalen (ekstern lenke)

Programleiar Ronny Brede Aase i NRK Sommarlutt. Foto: Olav Standal Tangen
Denne noko uvanlege skapningen er maskoten til ein lokal bank som delte ut gratis is til barna på festivalen. Foto: Olav Standal Tangen