- Dette er ikkje musikk vi vanlegvis høyrer på, men det det vart heilt klart ei positiv oppleving, synest Arne Solvang, Berit Carlsen, Rolf Johansen og Janne Johansen.

Særleg flott syntest dei opninga, med «Champagnegaloppen» og Hilde Louise Asbjørnsen som dirigent, var.

- Det var fengande flott, altså. Og avslutninga, med den sveitsiske jenta på klaver, var nok høgdepunktet, meiner dei fire.

Den 20-årige sveitsaren Cassandra Wyss spelte saman med Fjord Cadenza Orkesteret musikk av den russiske komponisten Sergej Rakhmaninov.

Ros til Asbjørnsen

Òg sykkylvingen Olav Pileberg syntest det var på sin plass å rose sambygding Asbjørnsen for hennar innsats.

- Hilde Louise skal ha ei stor ære for at opningskonserten vart så bra. Eg er dessutan overraska over orkesteret sin kvalitet, det var imponerande, med så mange unge og dyktige, seier den tidlegare musikklæraren.

Flem og Bergmann

Opningskonserten kunne òg by på to av Kjell Flem sine verk – «Eclesia in mundo», som fekk si urframføring for orkester, og «Ultima Thule», som skildrar ekstreme naturforhold i arktiske strøk.

Dirigent og kunstnarisk leiar for Fjord Cadenza, Rune Bergmann, og orkesteret med over 60 musikarar fekk stor applaus frå dei vel 350 publikummarane i Gomerhuset.

- Det er heilt fullt i kveld, og det er vi sjølvsagd veldig glade for, fortel festivalsjef Per Ståle Knardal.

Vidare program

Seinare laurdag var det konsert med Georg og Sarah Riedel, samt Jonas Östholm. Svenskane spelte kammerjazz i samarbeid med Kyrkjehola Kulturbeite. Georg Riedel er mellom anna kjend for filmmusikken til Astrid Lindgren sine filmar om Emil i Lønneberget og Pippa Langstrømpe – til dømes slageren «Idas sommervise».

I dag søndag opnar utstillinga til den danske festivalkunstnaren Jan Toft på Jentekolonien. Seinare står Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen for ei familievennleg tolking av Mozarts «Trylllefløyten», før uteamfiet ved Gomerhuset vert arena for lokale talent. Søndag kveld tek Fjord Cadenza-vennane Fremmerlid og Fongen turen til Skodje kyrkje for kyrkjekonsert og mulegheit for allsang.

Arne Solvang (frå venstre), Berit Carlsen, Rolf Johansen og Janne Johansen var på sin første symfoniorkesterkonsert på Skodje laurdag. – Det var veldig fint, vi er positivt overraska, seier kvartetten. Foto: Charlotte Karlsen