Laurdag 23. november vert 50-årsjubileet til verdas lengstlevande science fiction-serie markert med ein etterlengta og eksplosiv jubileumsepisode i 3D.

Den heilt nye, 75 minutt lange Doctor Who-episoden vert vist samtidig i 76 land, både på tv og kinoar. Volda Filmteater er den einaste staden ein kan sjå jubileumssendinga i Norge.

Heile livet

– Eg har vore Doctor Who-tilhengar heile livet. I oppveksten var rommet mitt dekorert med Doctor Who-tapet, og eg hadde fullt opp av ulike effektar frå serien. Det har eg framleis. Serien er fantasifull og stimulerer kreativiteten, den fekk i alle fall meg inn på eit kreativt spor, seier Dave King.

Han er britisk animatør og filmguru, busett i Volda, der han jobbar med animasjon både på høgskulen og i firmaet Raindog Studios.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Ikkje Norge

Då King oppdaga at BBC ikkje skulle vise jubileumsepisoden «The Day of the Doctor» verken på Nordic Channel eller på kinoar i Norge, vurderte han først å reise heim til Storbritannia for å få den med seg.

– Men så tenkte eg at vi kan få det til sjølv, i Volda, fortel King. Kinosjef Oddbjørn Røys og kinomaskinist Peder Bjørndal var ikkje seine å be då King lufta ideen. Vi er litt galne både eg og maskinisten, så dette hoppa vi på, ler kinosjefen.

Kontaktar

Takk vere Dave King sine kontaktar i heimlandet, og effektiv kontakt med Medietilsynet i Norge, gjekk prosjektet i boks utan store problem.

– Dette er stort for Volda. Eg er så stolt over at vi har fått det til, smiler King. Fram mot jubileumsvisinga neste laurdag ligg det an til Doctor Who-fest over store deler av verda. Dei fleste kinoframsyningane i USA og Europa er alt utselde.

Langvegs frå

Mange har kjøpt billett til framsyninga i Volda også. Vi veit det kjem folk heilt frå Haugesund og Oslo for å få med seg jubileumsepisoden, fortel kinomaskinist Bjørndal.

Dei tre filmkarane seier at publikum i Volda gjerne må kle seg i Doctor Who-kostyme på filmframvisinga. Det vert også planlagt ein temafest etter kinoen.

Følg smp.no på Facebook

<strong>Doctor:</strong> Doctor Who har kultstatus og ein enorm fanskare. Både den noverande doktoren, Matt Smith (t.v.) og tidlegare doktor David Tennant (midten) og skodespelarlegenda John Hurt (t.h.) dukkar opp i jubileumsepisoden. Foto: BBC