Her er dei rette sju sortane

Lesarane på smp.no har talt. Julemenn er den mest populære julekaka i Nordvest.

Sunnmørspostens papirutgåve fredag - sjå oppskrifter på dei sju sortane

I eit par veker i desember har lesarane på smp.no hatt moglegheita til å stemme på kva for sju julekaker ein bør bake til jul.

3048 lesarar har sagt si meining og no er resultatet klart, desse kakene fekk flest stemmer: Julemenn, krumkaker, peparkaker, sirupssnippar, kransekakestenger, kokosmakronar og smultringar.

Ikkje overraska

Kun tre av desse var med i ei tilsvarande nasjonal kåring for nokre år sidan. Julemenn, som vann kåringa på smp.no var ikkje ein gong på lista i den nasjonale kåringa.

Høgskulelektor Kari Ryslett ved Høgskulen i Volda underviser i studiet Matkultur og helse. Ho er ikkje overraska over dei sju sortane lesarane har valt ut.

– Det fyrste som slår meg er at gamle, tradisjonelle kaker held stand. Dei meir moderne kakene som nonstopkjeks, karamellkjeks og Sarah Bernhardt er ikkje like populære.

Les også: Mykje meir enn sukker og smør

Populær på Vestlandet

Ryslett synest det er artig at utvalet i Nordvestlandet skil seg frå dei sju sortane som er mest populære på nasjonalt nivå.

– Vi har lite av goro, strull og rosettbakkels, men held på våre sortar. Det gjelder særleg julemann, som er vår mest populære kake. Den er populær på Vestlandet, men ikkje så vanleg i aust, seier ho.

Julemenn frå Bergen

Ryslett fortel at ein årsak til det kan vere at julemenn har røter i Bergen.

– Det er spekulert i at julemannen er ein variant av kaka spekulasi som i si tid kom til Bergen frå Tyskland og Holland. Denne blei baka i forskjellige variantar, og tek ein vekk sirup og krydder, så får ein oppskrifta på julemenn, seier ho.

Spekulasi blei spreidd langs kysten av mellom anna fiskarar, og fekk dermed fotfeste på Vestlandet.

– Oppskriftene varierer. Her på Sunnmøre skal vi ha mjuke julemanna, mens lenger sør, som i Haugesund, skal dei vere harde og sprø, seier Ryslett.

Teknikkar

Ho peiker og på stor breidde i arbeidsteknikkane som må til for å lage dei sju mest populære sortane på Nordvestlandet.

– På lista er det kaker du stikk ut og har på steikebrett, nokre som må rullast ut, krumkaker må lagast med jarn, mens smultringar skal steikast i feittgryte. Slik skulle det vere, ein skulle bruke mange forskjellige teknikkar før jul, seier høgskulelektoren.

Ho seier at julekakene held stand i juletradisjonane, sjølv om ein i dag har mindre tid til å bake kakene.

– Julekaker er viktig for å gjenoppleve gode minner frå barndomen gjennom dufta av kakebakst. Mykje endrar seg, men vi held på den norske skikken med bugnande kakefat til jul, seier ho.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

comments powered by Disqus
Julekaker
  • 3048 lesarar på smp.no har gitt stemmer til sine sju julekakefavorittar.
  • Dei kåra julemenn (11 prosent), krumkaker (11 prosent), peparkaker (8 prosent), sirupssnippar (7 prosent), kransekakestenger (7 prosent), kokosmakronar (6 prosent) og smultringar (6 prosent) til dei sju rette typane på Nordvestlandet.
  • I ei nasjonal kåring for nokre år sidan blei smultringar, sandkaker, sirupssnippar, berlinerkransar, goro, krumkaker og fattigmann er kåra til Norges sju sortar.
  • Sju sortar er ein norsk tradisjon. Sjutalet er eit symbolrikt tal mykje brukt innan religion og magi.
76 prosent meiner julemenn høyrer med blant dei sju sortane ein bør bake til jul.
(Foto: Torill Myren)

76 prosent meiner julemenn høyrer med blant dei sju sortane ein bør bake til jul. Foto: Torill Myren

Høgskulelektor Kari Ryslett, ved Høgskulen i Volda trur ikkje julekaker vert umoderne.
(Foto: Ann Karene Rasmussen, Høgskulen i Volda)

Høgskulelektor Kari Ryslett, ved Høgskulen i Volda trur ikkje julekaker vert umoderne. Foto: Ann Karene Rasmussen, Høgskulen i Volda

Julemenn (11 prosent), krumkaker (11 prosent), peparkaker (8 prosent), sirupssnippar (7 prosent), kransekakestenger (7 prosent), kokosmakronar (6 prosent) og smultringar (6 prosent) vant avstemminga.

Julemenn (11 prosent), krumkaker (11 prosent), peparkaker (8 prosent), sirupssnippar (7 prosent), kransekakestenger (7 prosent), kokosmakronar (6 prosent) og smultringar (6 prosent) vant avstemminga.

Leses nå
 
Siste nyheter

Høstscena

Ungdom fra 19 nasjoner skaper fargespill

Har du sett dans fra Afghanistan, hørt norske folkesanger i afrikansk drakt eller opplevd en beatboxer fra Syria?

Wenche Myhre ble akutt sjuk og måtte avlyse konsert:

Skulle spille på Ålesund Seniorfestival på tirsdag

Tidligere søndag kveld mente arrangørene av Ålesund Seniorfestival at Wenche Myhre trolig ville gjennomføre den planlagte konserten i Pinsekirka tirdag. Så kom kontrabeskjeden fra Myhre selv.

Storband og damer i skjønn forening

Nordvest Big Band er ti år i år. Det feirer de med to pubkonserter på Teaterfabrikken. Fredag kveld var det dags for den første.

The Voice på TV 2

Kaja og Karina gjekk vidare

Både Kaja Rode og Karina Pieroth gjekk vidare til «knockout-rundane» i songkonkurransen «The Voice - Norges beste stemme».