Det er ikkje småtteri til ramme rundt kyrkjekonserten i Herøy kyrkje komande søndag kveld. Duoen Knut Reiersrud og Iver Kleive har for lengst skrive seg inn i den sakrale historia – som kyrkjemusikarar i særklasse.

Sjølvironi

Utgangspunktet forat dei no kjem til Herøy, er at Alette Teige har fylt femti år. Ho konstatererat ho har alt ho treng av materielle ting her i verda. Og ho tek seg sjølvsvært lite høgtidleg. På konsertplakatane heiter det mellom anna:

«Ikkje vart ho fotomodell, ikkje reiarfrue, ei heller gift med ein biskop, slik at han kunne vere bisp ute og ho inne, neida, svigerforeldra døydde barnlause.

«Ho held fram i same sjølvironiske stil:

«So har tausakjerringa fylt femti år».

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Har alt

I eit intervju med Vestlandsnytt fortel Alette Teige at ho har absolutt alt ho treng materielt, og at ho difor ynskjer å dele ei spesiell konsertoppleving i kyrkja – med flest muleg folk.

Ho har økonomi til å spandere ein slik konsert på folket, etter aldri å ha eigd korkje bil eller mobil. I staden har ho brukt trøsykkel i heile sitt yrkesaktive liv, i kilometer tilsvarande ein distanse på ein og ein halv gong kloden rundt.

– Difor har det hopa seg opp ein del ubrukte bensinpengar. Desse er sette inn på kontoen for «glede», forklarer Teige til Vestlandsnytt.

Medsystre

Men sjølv om Alette Teige ikkje har sykla rundt kloden, har ho eit stort hjarte for sine medsystre som slit på den same kloden. Ho vil difor ta opp kollekt under konserten, og gje overskotet til Kirkens Nødhjelp-prosjektet «Kvinner bærer halve himmelen», ein støtteoperasjon for valdtekne kvinner i Kongo.

Herøy kyrkje har 450 ordinære sitjeplassar, som kan utvidast til sju hundre.

– Kor mange trur du kjem til konserten?

– Det er akkurat der den store spenninga no ligg. Eg vonar på flest muleg, men må leve i uvisse og spenning til søndag kveld, seier Alette Teige til Sunnmørsposten.

Følg smp.no på Facebook

Iver Kleive er trollmann på tangentar. Arkivfoto: Staale Wattø