Dette seier dagleg leiar Siri Dahl i Naturfestivalen 2014 til Sunnmørsposten. Ho indikerer med det at budsjettkronene til utadretta marknadsføring er for få til å rekke langt nok.

– Hittil har Naturfestivalen vore eit utprega arrangement for Ørsta/Volda-området. Ein del tilreisande har det nok vore, men dette er meir tilfeldig.

– Potensialet for utviding bør vere stort – eg meiner dette no kan presenterast som ein breiddefestival for folk på heile Sunnmøre, seier Siri Dahl.

Saman med ein liten stab er ho midt i dei hektiske førebuingane til festivalstart fredag kveld.

Musikalsk tjuvstart

– Ja, vi tjuvstartar litt i år, den offisielle opninga er først på laurdagen. Men for breidda i tilboda har vi funne ut at vi må satse meir på kultur og musikk. Difor vert det både kyrkjekonsert, Natur-rock på RustClub & scene og endå ein konsert på Kaihuset her, fortel Dahl.

Ho seier seg særleg glad for at så mange lokale lag og organisasjonar bidreg til festivalen med sine arrangement.

– Det er dette som gjer det muleg å arrangere ein slik naturfest over såpass mange dagar, innser ho som samordnar det heile.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Toppane

Det er ellevte gongen festivalen vert avvikla, og heile tida har toppturar i den spektakulære klassen vore ein grunnpilar.

– Dette held vi fram med, og første turen går alt laurdagen – til fjellet Jakta (1.588 m) ved Hjørundfjorden, fortel Dahl.

– Er folk villige til å betale fleire hundre kroner for å vere med på ein slik tur?

– Det viser seg at mange er det ja. Til dømes går turen til Jakta den krevjande ruta frå Viddal, og då finn mange det trygt og greitt å vere ifølgje med lokalguidar som kan sine ting hundre prosent, analyserer sjefen.

Naturver

Siri Dahl seier seg litt utrygg på om vêret, som har vore så fantastisk så lenge, vil spele første festivalhelga eit lite puss.

– Natur er natur, og vêret er ein vesentleg del av dette. Vi håper på gode forhold, men der vil alltid måtte takast forbehold om gjennomføringa av dei tøffaste turane. Det kan skje der og då, ved starten, forklarer ho.

Fokus

Dahl kan også by på fokusseminar med Oddvar Brå, Øyvind Sandbakk og balansegeniet Eskil Rønningsbakken. Han er tilbake for femte året på rad, etter eige ønskje.

– Vi får håpe publikum ser festivalen med same auge som han, og stiller opp. Men også at her kjem mange nye, inviterer Siri Dahl.

Følg smp.no på Facebook

Å bestige fjellet Jakta (bak til venstre) frå Viddal (midt i bildet) er eitt av dei spektakulære toppturtilboda. Arkivfoto: Knut Arne Aarset.