VOLDA (smp.no): – Dette er ein internasjonalt kjend og respektert festival.Den er veldig viktig for Volda, seier Dave King.

Engelskmannen er animasjonslærarved Høgskulen i Volda. Han sit blant publikum onsdag kveld. King har vore med på Dokfilm i fleire år,og i år er han del av juryen som skal kårefestivalens beste dokumentar.

Opningsfilmen slo an

På opningskvelden kunne festivalen by på bådemusikk og talar, i tillegg til filmpremiera. Filmen «Densiste bohem» handlarom den relativt ukjende Øystein Wingaard Wolf, som erforfattar og songar. Ein av filmskaparane, BårdKjøgeRønning,møtteWolf for første gang på ungdomsskulen,  då forfattaren kom for å halde foredrag. Tjue årseinare har han laga film om han.

Filmen gir oss eit innblikk i Wolfsitt liv, frå bådehans eige, veners og hans mor sine perspektiv. Latteren sit laust i salengjennom alle dei 48 minutta filmen varer.

Håper på mange besøkande

I fjor var vel 5.000 menneke innomDokfilm-festivalen. Ordførar i Volda, Arild Iversen, tykkjerdet er ei ære å få ha ein nasjonal festival i bygda og håperat like mange kjem i år.

– Men hugs å nyte fineveret og naturen innimellom filmane, seier han isin tradisjonstru tale til publikum.

Dave King håperogså på godt oppmøte.

– Volda er veldig viktig for meg. Så alt som er bra for Volda, det er også bra for meg, smiler han.