– Det handlar om økonomi, i tillegg til ønsket om eit tettare samarbeid med høgskulen og andre utdannings- og kulturinstitusjonar i området, fortel styreleiar James Dudek.

Arrangørane meiner at mai med mange høgtidsdagar, konfirmasjonar, eksamenar og liknande er ein månad det er vanskeleg å få folk til å ta seg tid til festivalen.

Musikkstudentar

I tillegg ser vi at det er lettare å utvikle sider ved festivalen som vi ønskjer å setje fokus på, dersom vi legg arrangementet til hausten. Mellom anna vil vi gjerne inkludere høgskulestudentane som tek bachelor i musikk. Kan hende kan vi til og med gjere festivalen til ein del av utdanninga deira, seier dagleg leiar Øyvind Eiksund.

Både meisterklasser for ungdom og «Plag Plagge» skal vidareførast, og arrangørane har også tankar om å involvere barn heilt ned i barnehagealder i festivalen.

1814

Sunnmøre Kammermusikkfestival vert i år arrangert 4.-6.-september. Det endelege programmet er ikkje offentleg enno, men arrangørane avslører at innhaldet har 1814-jubileet som eit konseptuelt utgangspunkt. Årets bestillingsverk, signert den unge komponisten Bente Leikne Thorsen, vil by på eit sideblikk på grunnlovsjubileet og på Norge sine 200 år som sjølvstendig musikknasjon.

Sopran Berit Nordbakken Solset er blant dei utøvande artistane under festivalen.

Tøft

Styreleiar James Dudek peikar på at det stadig vert vanskelegare og skaffe pengar til kulturarrangement.

– Også vi opplever at sponsorar trekkjer seg. Men vi jobbar hardt med å halde minst like høgt kvalitetsnivå på festivalen som før. Målet er å utvikle festivalen så han kan vekse. I år er det oppretta ei sjølvstendig venneforeining for kammermusikkfestivalen. Gruppa vil gi eit tilbod for dei som er interesserte i kammermusikk og som ønskjer jobbe for festivalen sitt ve og vel gjennom året.