Ifølgje distributøren er dette den beste opningshelga for ein dokumentar, både norsk og utanlandsk, i Norge nokon gong, skriv NRK Møre og Romsdal.

Filmen er regissør Margreth Olins verk. Olin har vore fluge på veggen medan Joralf Gjerstad, betre kjend som Snåsamannen, har behandla sine besøkande ved hjelp av det han kallar varme hender.

Praksisen til Snåsamannen, og om han verkeleg har spesielle evner, har skapt debatt. Margreth Olin seier ho ikkje laga filmen for å bevise eller motbevise dette – men for å lage ein film som viser håp.