Om lag 500 publikummarar reiste seg i applaus då årets Herøyspel var ferdig med første etappe.

– Varmt, men utruleg god stemning i publikum, sa Jon Bleiklie Devik, som spela rolla som Møre-Karl for tiande året på rad.  Som mange av skodespelarane kjem han att til Herøy år etter år for å spele i det tradisjonsrike vikingspelet.

­– Det er ramma rundt og kvaliteten som gjer dette til landets beste spel, og at eg seier ja kvar gong eg blir spurt, seier Devik som tørkar sveitten før han skal i elden att om nokre timar.

-Fantastisk flott!

Knut Helge Fjellstad har kome den lange vegen frå Oslo for å få med seg Herøyspelet tredje året på rad.

- Det er like morosamt kvar gong, også i år var det fantastisk flott, seier Fjellstad, som koste seg med heile familien denne varme julidagen på Herøya.

Kvalitetsteikn

Dagleg leiar i stiftelsen Herøyspelet, John Andre Nærø kunne puste letta ut etter fleire månader med hardt arbeid.

– Det gjekk veldig bra, og publikum er nøgde. Eg er overraska over at det kom så mange til første framsyning, sei Nærø, som rosar innsatsen til dei om lag 200, lokale og innhenta, aktørane som var i sving.

– Det er eit kvalitetsteikn for spelet at desse kjende skodespelarane kjem att år etter år. Dei flotte omgivnadane og dyktige arrangørar er nok ein viktig faktor, seier Nærø som gledar seg til jubileumsfesten i kveld, og to nye framsyningar på søndag.