Styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Reidar Sandal og ny direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik. Foto: Nynorsk kultursentrum

På eit styremøte 1. november vart den nye direktøren for Nynorsk kultursentrum presentert.

Olav Øyehaug Opsvik (33) vart den utvalde av til saman seks søkarar, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Øyehaug Opsvik har mastergrad i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo og noko utdanning i administrasjon og leiing frå Noregs musikkhøgskole.

Han kjem frå stillinga som forskings- og samlingsleiar i Nynorsk kultursentrum og har tidlegare erfaring som arenaleiar i Aasentunet og programansvarleg for kulturprogram og festspel. Øyehaug Opsvik er difor ikkje ukjend med arbeidet til Nynorsk kultursentrum.

Ifølgje styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Reidar Sandal, er styret godt nøgd med å få Øyehaug Opsvik som direktør.

– Vi har god tru på at han vil vere ein samlande leiar som evnar å profilere Nynorsk kultursentrum på ein offensiv måte, seier Sandal.

Øyehaug Opsvik tek over stillinga 27. november.

(©NPK)