Malakoff Rockfestival er ein årleg musikkfestival arrangert på Nordfjordeid.

I november i fjor blei det klart at festivalen skulle få fylkeskulturprisen for 2013 i Sogn og Fjordane. Malakoff fekk prisen for å ha gjort seg bemerka nasjonalt og for å bidra til godt omdøme for heile fylket.

I ei ny pressemelding skriv arrangørane at Sivert Høyem og punkrockbandet Oslo Ess er klare for Malakoff 2014.

- Høyem er ein kvalitetsgarantist

Ifølgje Malakoff-arrangørane er den tidlegare vokalisten i bandet Madrugada ein særs interessant og kvalitetstung soloartist.

- Som liveartist er han kjent som ein kvalitetsgarantist, og vi gler oss veldig til å synge med når Høyem spelar sine kjente og kjære låtar med fullt band for første gang på tre år. Høyem har med seg eit flunkande nytt soloalbum i bagasjen, skriv Malakoff, som er klar på at dette vert ein minneverdig konsert under festivalen.

- Dei er energiske og allsongvennlege

Også punkrockbandet Oslo Ess kjem til festivalen som finn stad på Nordfjordeid 17. - 19. juli.

Ifølgje arrangørane er det energiske, allsongvennlege og fengjande låtar ein kan vente frå den kanten.

- Fleire artistar vert offentleggjort etter kvart, opplyser arrangørane.

Frå før er det kjent at mellom anna Karpe Diem, Skambankt , The Bronx, Opeth kjem, i tillegg til Stein Torleif Bjella, Monica Heldal og Hedvig Mollestad Trio.