Jostein Fet fortalde om den nye boka si i ein samtale med Ottar Grepstad under festspela laurdag. Samtalen vart innleia av Sverre Tusvik frå Samlaget som gjer ut boka, og han kalla det «krona på verket» i eit stort kulturarbeid som Fet har arbeida med i 40 år.

Kulturhistorikaren og litteraturvitaren som i år fyller 91, har kartlagt lese-, skrive- og spelekunna hjå folk på Sunnmøre og andre stader frå 1600-talet, og i den nye boka tek han føre seg 609 gamle bøker som har vore i privat eige på Sunnmøre.

Supertankbåt

Jostein Fet sine dokumentasjonar har vist at folk frå 1600-talet var dyktigare til å lese og skrive enn det som tidlegare var trudd.

- Men det er framleis mange som ikkje har fått dette med seg, kva tenkjer du om det? Spurte Grepstad.

- Å endre folk sine oppfatningar er omtrent som å stoppe ein supertankbåt. Det tar tid, svarte Fet.

- Men det skal seiast at eg stadig får vitnemål om at det er folk som har tatt det til seg, legg han til.

Endra norsk historieskriving

Fet vart rektor ved Lærarhøgskulen i Volda i 1958, og var ein av pådrivarane for at Volda skulle få distriktshøgskule. I dag har han tittelen «fri forskar» ved høgskulen.

Rektor ved Høgskulen i Volda, var til stades for å gratulere Fet med den nye boka, og overrekke ein blome.

- Josten Fet har endra norsk historieskriving, og det har han gjort frå ei bygd på Sunnmøre. Han har vist at det ikkje er nærleiken til Sinsenkrysset som er avgjerande, sa Halse.

Les intervju med Jostein Fet i Sunnmørsposten si papiravis på mandag.