Det kreative multitalentet blei nemleg tildelt kulturprisen for Hareid kommune. To gonger har Simon Gjerde Tonev gått heilt til landsfinalen for sine kreative filmbidrag. I fjor laga han ein flott dokumentarfilm om Hareidselva, eit oppdrag den unge filmskaparen blei tildelt av Hareid Historielag. Dette, saman med fleire års innsats – mellom anna som musikklærar – gjorde at juryen sitt val fall på Simon.

Valdeleg kortfilm

«Eleven Fingers» – som altså er årets UKM-bidrag frå Tonev Films – er ein kortfilm som inneheld fleire valdelege scener, og det skal bli spennande å høyre korleis juryen vurderer dette. Simon Gjerde Tonev er igjen produsent, regissør, manusforfattar og kunstnarisk leiar, men 16-åringen har fått hjelp frå fleire venner – mellom andre Adrian Moldskred Strand (17), som har vore kinematograf for nemnde action/thriller.

Fleire talent

Med musikk, dans og bildekunst som dei mest populære uttrykksformene, fekk publikum oppleve mange flinke gutar og jenter. Av dei som  var Adriana Iaguzhinskaia. Ho er berre 11 år gammal, men syng med ei stemme som mange vaksne vokalistar kan misunne henne.