Benny Borg har laga si første soloplate på meir enn 20 år. To sunnmøringar er produsentar.

– Vi tok kontakt med han. Han fortalde at han eigentleg ikkje hadde tenkt å gje ut fleire plater. Men vi møttest fleire gonger. Han, Åge Reite frå Søvika og eg. Og vi prata saman over god mat. Etter kvart kom han fram med den eine teksten etter den andre, fortel Rune Berg.

No er det meste av plata spelt inn i Berg sitt studio, Lydbroderiet, med han og Åge Reite som produsentar.

På singelen, «God morgen, min kjære», syng Benny Borg til si avdøde kone Liv Jacobsen, som gjekk bort for to år sidan.

«Og har du kanskje drømt om meg som også jeg har drømt om deg?» spør Benny Borg i første vers i teksten.

Her kan du laste singelen ned frå SpotifyHer kan du laste den ned frå Tidal

Nerve

– Han er ein utruleg god formidlar. Og melodien og teksten er ekte og rett fram, seier produsent Rune Berg.

For å behalde denne opplevinga, er plata laga av musikarar som ifølgje Berg ikkje hadde øvd på låtane på førehand.

– Vi ville ha opplevinga av augneblinken der folk fann saman. Det er utruleg freistande å pirke på ting og legge på klang.

– Alle låtane er første eller andre take, ifølgje Berg.

– Etterpå var alle skikkeleg slitne fordi dei måtte vere så sinnssjukt til stades.

Overbeviste

– Dei etterlyste ei Benny Borg-skive som ikkje handla om Johnny Cash-Benny, Cornelis Vreeswijk-Benny eller Elvis-Benny, seier Benny Borg i ei pressemelding frå plateselskapet.

– Eg har ikkje spelt inn eit album på 23 år og trudde karrieren min som plateartist var over. Men etter eit møte var eg overbevist.

Benny Borg understrekar at det er veldig annleis å ikkje ha mulegheita til å gøyme seg bak ein annan karakter.

– Det naturlege var å skrive om det som låg hjartet nærast, og fleire av songane handlar derfor om det store saknet etter Liv, fortel Benny Borg vidare. Kvinna som han forlova seg med tre gonger, i tre ulike byar, og til slutt gifta seg med i august 1980.

Simen Mæhlum (trommer), Rune Berg (gitar, produsent), Benny Borg, Åge Reite (tangenter, produsent), Per Amund Solberg (bass). Pressefoto
Benny Borg og hans kone Liv Jacobsen i 2012, då dei ankom Chat Noir og «The Showgirl Must Go On»-showet. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix