– Vi visste nok den ville bli godt lest, men ikkje i den grad vi ser no, seier journalisten bak artikkelen om den verdskjende popartisten, Jorulf Myrene.

I saka skriv Vikebladet mellom anna at: «Det er uvisst om Justin Bieber såg ut gjennom vindauget då han passerte Sunnmøre i ei høgde på 40.000 fot, men han hadde i alle fall høve til å sjå lysa frå Hareid dersom skydekket ikkje var alt for tett».

Justin Bieber har vore på norgesbesøk og har skapt overskrifter etter at han gjekk av scena på Chateau Neuf i Oslo etter berre ein låt.

Julia gir ikke opp Bieber etter skandalekonserten Julia (17) hadde store forventninger til kvelden. Den ble helt annerledes enn hun hadde sett for seg. 11.000 sidevisingar på to timar

Nettartikkelen er dagens desidert mest leste for Vikebladet si nettavis. Etter knappe to timar hadde den hatt heile 11.000 sidevisingar.

– Ei god sak for oss får mellom 2.000 og 3.000 visningar, så vi er veldig fornøgd. Det er omtrent like høgt som det Justin Bieber flaug, småler Myrene som er overraska over dei gode lesartala.

Redaksjonen fekk ideen om saka etter at dei såg ein tweet om flyturen til popstjerna som kunne følgast på Flightradar 24.

– Det heile var ein spøk frå vår side. Vi likar av og til å legge ut litt rare nyheiter der vi spøker litt med lokaljournalistikken. Eg vil understreke at dette er ei slik sak.

Krasse tilbakemeldingar

Myrene har fått fleire tilbakemeldingar etter at saka vart publisert fredag føremiddag, mange av dei svært negative.

– Eg er overraska over at folk hissar seg opp over denne saka. Mange av tilbakemeldingane går på at dette er lågmål og at vi no ikkje har meir å skrive om. Dei forstår tydelegvis ikkje den djupe ironien i saka.