Vikebygda skule i Volda var ein av minst 1.700 skular rundt om i heile landet, som var med å danse for vennskap fredag føremiddag. Regn og kulde var på ingen måte til hinder for danseglede på skuleplassen.

Følg smp-kultur på Facebook!

Viktig

– Det var så gøy! Og BlimE er ein viktig ting. Det handlar om at alle skal få vere med, og at ingen skal måtte føle seg utanfor, forklarer tredjeklassing Leah Knutsen Leira (8).

– I år er fjerde året vi lagar ein BlimE-dans og reiser rundt om i landet og filmar barn som dansar og har det gøy, for så å setje det saman til ein musikkvideo, fortel Torgrim Grimstad (47) frå Hareid. Han jobbar i NRK Super og står for foto og regi på årets BlimE-musikkvideo. Grimstad var med på å forme BlimE og ha jobba med prosjektet i fire år. Han var også med å lage NRK Super sin demokrati-video i samband med valet tidlegare i år.

Se årets BlimE-video (ekstern lenke)

Har teke av

– Det er ein fantastisk jobb. Det er meg og ungane, liksom. No har BlimE teke heilt av. 180.000 skuleelevar var med å danse i fjor. I år er det 325.000 som er med, seier 47-åringen, som har fått mange bevis for at BlimE har ein positiv effekt.

– Eg har møtt mange kloke born gjennom jobben min, og det er tydeleg at dei fattar BlimE-bodskapen. Ein gut i Finnmark fortalde meg at før var det ingen på skulen som torde danse, men etter at dei vart med på BlimE, så dansar dei på skulen ganske ofte. Slikt er til å bli glad av, seier Grimstad.

Alle med

Leah og dei andre tredjeklassejentene på Vikebygda skule har både dansetrinna og teksten til «Dilla på» inne.

– Når vi dansar og syng saman kjennest det som om vi er ekstra gode vener. Og det kjekkaste er at alle er med, synest 8-åringane. Rektor Eli-Mette Lüthcke fortel at Vikebygda skule er med på BlimE fordi det er ein måte å synleggjere vennskap på.

– Det er kjekt at vi kan få inn denne bodskapen på ein annan måte enn berre med prat, seier ho.

Gjør som flere enn 23.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

<strong>Dilla:</strong> Elevar og lærarar på Vikebygda skule i Volda dansa og song i regnbyer og gråvêr fredag føremiddag – samtidig som over 300.000 andre skuleelevar dansa BlimE-dansen rundt om i landet – og også på norske skular i utlandet. I årets BlimE-låt heiter det «Jeg har fått dilla på å gjøre noen glad. Et lite smil og noen fine ord, gleder mer enn vi tror.»
<strong>Regissør:</strong> T.v. regissør for BlimE 2015, Torgrim Grimstad frå Hareid, saman med koreograf Karoline Berge Hammersmark. Foto: Privat