– Det er ein såkalla trø-trial. Den er lettare enn ein vanleg triksesykkel, seier han mens han like lett løftar opp sykkelen med ei hand.

Olai Eide Stavseng. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Sykle har han gjort sidan han var liten, og han syklar dagleg til skulen. Han trivst på to hjul, men når han skal demonstrere trinsene sine for underteikna blir det overraskande mykje balanse på eitt hjul.

Måseskrika i Aure druknar i sykkelkjedesong i det han hoppar opp på fortauet.

– På scena skal eg trikse på ei rampe, samt at eg har tenkt å hoppe ned frå scena mot publikum. Det trur eg ingen andre har gjort før meg, smiler han.

– Eg blei med på UKM på oppfordring av søstera mi, sidan ho er ein av de faste skikkelsane på Strandas lokalmønstring, og det angrar eg ikkje på. Eg er spent på korleis innslaget blir mottatt, og den største draumen måtte vere å få lov til å gå vidare til landsfinalen. Då må eg gjere mitt beste og vise kva eg kan.

I etterkant viste det seg at publikum ikkje var vonde å be om applaus i det Olai hoppa ned frå scena og tok sin seiersrunde på golvet.