Det blir julestemning når Anita og Torill Valderhaug syng tradisjonelle salmar og amerikanske klassikarar i Langvåg kyrkje i kveld. Med seg har dei Kåre Nymark og Bjørnar Myhr på trompet og piano.

Det er ikkje tilfeldig at den første av to konsertar blir heldt i denne kyrkja.

– Både Kåre og Bjørnar kjem frå Langvåg. Då er det fint å kunne halde konsert der, det gler vi oss veldig til, seier Torill Valderhaug.

Intimt og roleg

Den 18. desember er det Vigra kyrkje som skal fyljast med julemusikk.

– Anita har i fleire år hatt julekonsertar her. Det har blitt som ein juletradisjon i familien. Vi ynskjer å gi ein roleg og intim konsert, som kan setje publikum i den gode julestemninga, seier Valderhag.