Det blir ikkje direkte urettvist å skulde denne delen av avisa for å framstå noko einsidig og ubalansert i kosten dei siste dagane. Men sjå kor vi bryr oss.

Er det vigrabibel, ja så skal de ver så god få servert. I dag ofrar vi såleis grønsakene ein tanke.

Ei kvalifisert intern gissetevling enda med gulrot som det mest plausible nedi molda her.

Jordsmonnet på desse skvalpeskjera er kjend for å vere etter måten rikt på sand. Og det kan gulrøtene like, har vi forstått.

I staden for å berre tøve på, skal vi heller fortelje at moldtrælen i tiårbildet er Peter Dyb. Pe-Petter i daglegtale. Inngifta i Pe-garden frå Godøya, som etternamnet for så vidt seier ein heil del om.

Peter var fødd 1896. Viss vi held fast ved hypotesen at Bjarne Skarbøvik farta rundt med kameraet sitt cirka 1954, skal Dyb vere rundt 58 år gamal her. Det kan vel høve sånn nokolunde.

Denne stokken med hjul på vart visstnok nytta i såinga. Bakom Peter si ryggtavle ser vi Kari-garden til venstre og Nørgard mot høgre bildekant.

Blindheimsfjellet tronar over det meste i dette kvardagslege motivet frå Vigra utpå vårparten ein gong. Rett så vakkert dette fotografiet også.

Sjå også fleire bilde av same fotograf: