Vår heimelsmann i Sykkylven er pensjonert pedagog. Så i dag veit Per-Arne Grebstad ekstra godt og inderleg vel kva han snakkar om.
– I 1955 sette Forsøksrådet for skuleverket i gang «Interimsforsøka». Tre kommunar, Ørsta, Malm og Sykkylven, starta på arbeidet som leia fram til den niårige, no tiårige einskapsskulen. Grunnskulen, fortel Grebstad.
Det var visst eit musk å få desse trillingane med på same bildet
– Det viser Sykkylven ungdomsskule. No er der nye bygningar, peikar Per-Arne på.
Sidan Sykkylven vart eigen kommune i 1883, har kommunen i samarbeid med statlege styresmakter, Sykkylven frilynde ungdomslag og Sykkylven idrettslag bygd ut eit område med skular og idrettsanlegg som Grebstad vil meine er eineståande i landet. Samarbeidet med grunneigarane har vore godt.
Se torsken, se torsken! På nittitallet hadde den sin egen festival
Om forsøka kan hende byrja i det små, vart det etter kvart meir sus og løft i tankane i sunnmørsbygda.
– Halve teglverkstomta kjøpte ungdomslaget til stemneplass. I dag er det stadion. Midt i området ligg kulturminna om gardskverna. Så her kan ein dokumentere den største reforma i norsk skulehistorie, helsar Per-Arne Grebstad.
Reform 94? Berre bagatellar!
For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.