– Med 40.200 gjester og arrangement eller utstillingar i 70 kommunar, sprengde Nynorsk kultursentrum grensene i 2016. Svært få kulturinstitusjonar er meir riksdekkjande, seier direktør Ottar Grepstad i ei pressemelding.

Rekord

Nynorsk kultursentrum hadde budsjettert med 32.000 gjester i 2016, men fekk for første gong over 40.000 besøkjande i løpet av eit år. Ivar Aasen-tunet i Ørsta hadde nær 27.000 gjester, medan Hauge-senteret i Ulvik hadde over 11.000. Nettstadene til Nynorsk kultursentrum hadde 418.000 unike brukarar i fjor, noko som er 17 prosent fleire enn året før.

(saka held fram under bildet)

– Gjestetala tel, men innhaldet avgjer. Vi skal vere til nytte for andre, vi skal vere pålitetlege, og vi skal utvikle ny kunnskap. Då er ikkje mange gjester det einaste som tel, meiner direktør Grepstad.

Samfunnsrolle

Han forklarer at å vere til nytte også inneber at Nynorsk kultursentrum tek samfunnsrolla si på alvor og går inn i politiske saker for å løyse dei.

– Med støtte frå samarbeidspartia og Arbeidarpartiet fekk Vinje kommune og vi gjennombrot for Vinje-senteret, og gjennom eit tett samarbeid med Noregs Mållag nådde vi målet om nynorsk både i Møre og Romsdal fylkeskommune og i den planlagde Vestlandsregionen, seier direktøren i pressemeldinga.

Ottar Grepstad fortel at Nynorsk kultursentrum framleis er ein institusjon i vekst, og viser til at institusjonen får fleire avdelingar og fleire medarbeidarar i ei tid då innstramming er kvardagen for mange. Nynorsk kultursentrum har i dag 18 tilsette.

Nynorsk kultursentrum har 18 tilsette, dette er tre av dei. F.v. dagleg leiar for Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng, kommunikasjonsmedarbeidar Laila Walseth Lid, og direktør Ottar Grepstad. Foto: Nynorsk kultursentrum