– Eg fekk ein telefon med spørsmål om eg ville lage musikk til spelet, og eg syntest det var spennande. Så no har eg virvla opp ein masse tankar om korleis musikken kan bli ein naturleg del av historia som blir fortald i amfiet her på Giske. Som ein slags vindskeiv filmmusikk, smiler komponisten.

Og han har ingen ambisjonar om å skape musikk som skal gi ein illusjon av vikingtida.

– Vi veit jo ikkje noko om den musikken, men på innsida var sikkert vikingane akkurat som oss. Dei var både sinte, triste og forelska slik vi er. Slike kjensler blir nok utgangspunktet for musikken.

Nytt manus

Komponisten skal ha eit tett samarbeid med regissøren for årets Giskespel, Rolf Kristian Larsen. Larsen er også dramatikar, og har skrive eit helt nytt spel-manus.

Rolf Kristian Larsen har skrive nytt manus og skal også regissere årets spel. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Sjølvsagt skal det handle om arnungane og hendingane før slaget på Stiklestad, forsikrar Britt Giske Andersen som er dagleg leiar for Giskespelet.

– Men vi kan nok også love at dei som kjenner spelet godt frå før, vil bli overraska.

Meir musikk

Giske Andersen fortel at det har vore eit stort ønske om meir musikk i spelet, og at Rune Berg var den første dei kontakta då dei skulle hyre ein spelkomponist.

Han er frå Giske, og dei fleste kjenner han sikkert som medlem i The Margarets og Number Seven Deli. To band med stor suksess på nittitalet og starten på totusentalet. I 2022 debuterte Rune Berg som forfattar med romanen «Nesten sanne historier om Rune Lisbeth Berg».

– Forlaget vil gjerne ha oppfølgaren til debutboka, og planen var at eg skulle gå i gang med den no. Men no får oppdraget frå Giske førsteprioritet.

Solide musikarar

Berg har fått med seg tre solide musikarar som skal vere med å spele inn musikken hans. Det er fiolinisten Lise Sørensen, Simen Mæhlum på perkusjon og Åge Reite på tangentinstrument. Mæhlum var for øvrig medlem i Number Seven Dehli.

– Det blir berre eg som skal spele live i amfiet. Resten blir spelt inn.

Som dei fleste andre frå Giske, har sjølvsagt Rune Berg også vore involvert i spelet.

– På det aller første spelet i 1995 fekk eg eit vikingkostyme og eit sverd i handa. Og så vidt eg hugsar var det viktigaste med rolla å stå heilt stille.

Rune har også eit anna minne frå dette spelet.

– Secret Garden var hyra inn for å halde konsert, og det var stort for oss å få oppleve dei på nært hald.

Og det var også Secret Garden som sørga for at unge Berg vart sitert i sjølvaste VG. Som utsendt reporter for Nytt i Uka intervjua han Fionnuala Sherry – den eine delen av duoen.

– Ho fortalde at ho ikkje var i gravferda til faren sin den dagen, men valde å vere på Giske. Det vart raskt plukka opp av VG, og saka var mitt første og einaste journalistiske scoop, ler Rune Berg.

Turné med Borg

Dette blir første gong han skal skrive musikk til dramatikk heilt frå grunnen av. Men Rune har levert musikk både til TV-seriar og reklamefilmar, og han var også musikalsk leiar for framsyninga «Bikubesong» på Det Norske Teatret. I studioet sitt i Oslo produserer han musikk for mange artistar – mellom anna Benny Borg.

– Eg har nettopp avslutta ein lang turné med Benny der eg var med som gitarist.

Nye namn

Britt Giske Andersen forsikrar at mykje er i rute før spelpremieren den 20. juni.

– Trivselskomiteen er i ferd med å fylle frysarane med bakst til øvingane startar den 1. juni, og kostymegjengen er i full sving. Som vanleg er spelet ein kjempedugnad der mange både på Giske og dei andre øyane stiller opp.

I år er det som sagt ny regissør og ny komponist, og koreografien er det Ellinor Nedregård som står for. Ho er også ny av året. Hovudrollene Torberg og Ragnhild blir spelt av Morten Svartveit og Kristina Grimstad Nordstrand. Svartveit vil nok mange kjenne igjen som dagleg leiar i Varg IL i «Heimebane».

– Og vi synest det er stor stas at rolla som Ragnhild blir spelt av Kristina som er ekte Giske-jente, seier Britt Giske Andersen.

Lokal kongerekke

Som vanleg skal det skje mykje anna også i samband med spelet, og arrangørane er spesielt glade for at Are Sende Osen kjem med ei spesialutgåve av «Kongerekka».

Are Sende Osen kjem til Giske med ei spesialutgåve av «Kongerekka». Foto: Heiko Junge / NTB

– Han har teke for seg vår eigen kongerekke med utgangspunkt i Giskeætta som hadde stor betydning for landet vårt i mange år før 1030 og like mange år etter. Giske var eit maktsentrum, og dette er ei historie spelet skal vere med på å formidle, seier Britt Giske Andersen.