– Tyskarane hadde leir her under andre verdskrig, og i 1940 sat dei opp denne brakka her, fortel Ante Giskeødegård medan han viser fram den delen av Øygardshavna som dei no jobbar med å renovere.

Brakka kom som ferdigmodul frå Tyskland og gjorde mellom anna at det første vassklosettet kom til øya. Etter krigen vart bygninga brukt til møbelfabrikk, før familien til Ante Giskeødegård og Lars Berge Giskeødegård starta opp Mørekjøkken på 70-talet. På det meste jobba rundt 40 personar hos hjørnesteinsbedrifta på Giske.

Då kjøkkenbedrifta gjekk konkurs i 2010 kjøpte Lars og Ante bygget, og har sidan fylt det opp med bedrifter innan det dei kallar kreativ industri og kulturnæring.

Tobakk og radionetting

Det er den delen av bygget som Mørekjøkken brukte som kontorlokale som no vert renovert, og under arbeidet har dei  fått seg nokre overraskingar. På loftet har dei funne to buntar med tyskarane sine tobakksplantar hengande til tørk over ein ståltråd. Truleg er dei rundt 75 år gamle.

– Det var nokon som prøvde å røyke tobakken, men dei sa det var litt lite futt i den, småler Giskeødegård.

– Nei, det var ikkje spesielt «gøtt», kjem det frå nokre av arbeidarane på loftet.

I tillegg til tobakken har dei funne tjukk netting inne i veggane, truleg for å ta bort radiostøy.

Ny leigetakar

– Det er mykje historie i veggane her, bokstavleg talt. Det er kjekt at bygget får leve vidare, seier Giskeødegård.

Per i dag er det 12 bedrifter som har sin arbeidsplass på Øygardshavna (sjå faktaboks). Nummer 13 blir Fuglefjellet som flyttar inn i februar 2016. Når dei kjem på plass er det oppimot 50 personar som har arbeidsplassen sin i lokala på Giske.

– Vi gleder oss veldig til å få flytte ut hit, smiler Toivo Nilsen som er dagleg leiar i Fuglefjellet.

Bedrifta har i dag har lokale i Moloveien i Ålesund og driv hovudsakleg med filmproduksjon. Nilsen trur dei kan nyte godt av å bytte kontorlokale til Øygardshavna på Giske.

– Vi har mykje av dei same kundane både lokalt og regionalt. Vi gleder oss til å vere ein del av eit breiare fagleg miljø der vi kan ete lunsj i lag, utveksle idear, fortel Nilsen.

Toivo Nilsen, dagleg leiar i Fuglefjellet, inspiserer det som skal bli det nye kontorlokalet til bedrifta, saman med Ante Giskeødegård. Foto: Staale Wattø