13-åringen frå Blindheim har vorte invitert til å spele saman med nokre kompisar under rockefestivalen bak Aksla i helga.

– Jada, klart vi er kompisar. Erlend hadde første øving saman med oss i går, men han passar bra inn. Same humor, seier Tord Juul anerkjennande.

Var på TV

Det var nemleg Tord, som førre sesong imponerte dommarar og publikum i «Norske Talenter» på TV2 med song, gitar- og munnspel, som først fekk invitasjon til festivalen.

– For nokre veker sidan vart eg kontakta av Nakken musikk i Ålesund som lurte på om eg ville spele, anten åleine eller med band, fortel 11-åringen frå Sula.

1,36 meter med musikk: Det er over ein halvmeter som skil 1,88 meter høge Jonas (t.h.) og Tord (i front).

Då starta jakta på nokon å spele saman med. Denne veka var alle fire på plass – og det ti songar rike repertoaret med hovudsakleg country-rock vert øva inn i desse dagar.

– Vi skal spele Heart of Gold av Neil Young og Stairway to heaven av Led Zeppelin, blant anna. Vi må nok øve kvar dag, trur Jonas Volle Åkre (14) frå Fiskarstrand.

På TV var Tord nervøs, det er han ikkje no.

– Vi har alle stått på scena i kulturskulen, UKM, Langevågdagane, frivillige arrangement og sånn, så det går nok bra, trur dei, med unntak av éin:

– Eg har aldri stått på ei scene. Eg sit. Bakarst, kommenterer trommis Zander Bratland (15).

Satsing

Konserten på rockescena er dagtid laurdag, når arrangørane av Back in the fields vil samle barn og unge.

– Det vert utstilling og prøvesitting av motorsyklar, og besøk av ein representant frå Møre frie vikingar, som har med seg pil og boge barna kan få skyte med, fortel presseansvarleg Sven Giske.

Timane mellom klokka to og fem laurdag er barna sine timar, og festivalområdet på Flatholmen har gratis inngang for barn, som blir møtt av is, brus og pizza.

Det musikalske innslaget er det altså Tord og hans brakande band, nei, unnskyld, «The Hot Flames», som står for.

– Vi har ikkje heilt bestemt oss for noko namn enno, men dette er tenkt som eit framtidig prosjekt, så vi bør vel finne ut noko kreativt, synest Jonas.

Med fedrane som sjåførar og agentar ligg det meste til rette for ein rockekonsert av dei sjeldne når den unge kvartetten trår til med slagverk, gitar og munnspel.

– Bob Dylan, Neil Young, Bruce Springsteen. Difor munnspel, slår Tord kontant fast – i tilfelle nokon vil stille spørsmål ved instrumentvalet.