Hagen, som er halvt Ørsting og son av VG-teiknar Roar Hagen, datt av hesten under ein prøve natt til søndag, og brakk armen. Det skriv Trønder-avisa.

Skodespelaren, som mellom anna har spelt Thor Heyerdahl i den Oscar-nominerte filmen Kon Tiki, skulle spele kongen i Spelet om Heilag Olav på Stiklestad. Spelet blir arrangert kvart år i slutten av juni.

– Han falt av hesten. Det var ikkje snakk om stor fart, men han tok seg for på ein slik måte at han fekk eit brot i den høgre armen, seier Turid Hofstad, direktør ved Stiklestad Nasjonale Kultursenter til Trønder-Avisa.

Til sjukehus

Hagen vart sendt til sjukehus for sjekk etter ulykka.

Årsaken skal ha vore kommunikasjonssvikt mellom hest og rytter, og Hagen skal ha vore ikledd både hjelm, sikkerheitsvest og egna fottøy under ridninga.

Den første forestillinga går 24. juli, og Hagen blir no erstatta av fjorårets konge, Pål Christian Eggen, som går inn på svært kort varsel.

– Pål Sverre Hagen er ein utruleg profesjonell fyr, men slike ting kan alltid skje, seier Turid Hofstad til Trønder-Avisa.